meiningar
Udemokratisk skinnprosess – rydd opp, politikarar
I Sveio skal dei politiske prosessane kjenneteiknast av at alle blir høyrde og at barn sine interesser er ivaretatt. Det har kommunestyret sjølv bestemt i kommuneplanen. Då kommuneadministrasjonen la fram skulebruksplanen sist fredag, braut dei likevel med dei mest grunnleggande prinsippa for saksbehandling og demokratisk medverknad for oss innbyggarane. Det bør ikkje politikarane våre godta.
Kommunale vedtak skal gjerast på forsvarleg grunnlag. I overordna saker som påverkar mange innbyggarar er dette kravet skjerpa. Skulenedleggingar påverkar innbyggarar og lokalsamfunn sterkt negativt. Då er forsvarleg saksbehandling heilt avgjerande for tilliten.
Skulebruksplanen skulle vore utarbeidd som kommunedelplan. Det ville ha sikra ei forsvarleg saksbehandling og demokratisk medverknad. I staden fekk me berre til høyring ein rapport frå eksterne konsulentar med seks ulike forslag til skulestruktur. Den endelege skulebruksplanen for Sveio, med kommunens forslag til skulestruktur, blei først kjent sist fredag. Ønskte ikkje kommuneadministrasjonen at innbyggarane skulle få ta stilling og meina noko om den endelege planen?
I siste sving dukkar altså eit nytt dokument plutseleg opp – sjølvaste skulebruksplanen. Det er dette hovuddokumentet som no er grunnlaget for vedtaket kommunestyret skal gjera. Ein skulebruksplan som ikkje har vore kjent for verken innbyggarane, lokalsamfunna eller høyringspartane i forkant. Dette er eit alvorleg brot på grunnleggande saksbehandlingsprinsipp, og kan ikkje vera grunnlaget for vedtak om skulenedleggingar i kommunestyret.
No er det opp til dei folkevalde å rydda opp i denne skinnprosessen, og gi oss tilliten tilbake til både skulebruksplanen og til Sveio kommune.
Mirjam Vikingstad
Auklandshamn
Håvard Tvedte
Valevåg