meiningar
Tynne argument og brot av valløfter bør ikkje avgjera skulestrukturen i Sveio
Møte i hovudutval for oppvekst og kultur er gjennomført, og det vart frå Ap, FrP og utbrytaren frå Høgre argumentert for nedlegging av Auklandshamn og Valestrand skular. Eit av argumenta var at ei samanslåing var nødvendig for å gi ein meir robust skulestruktur i Sveio – elevar skal ved ei nedlegging få betre læringsmiljø og betre psykososiale forhold, lærarane skal få eit betre kollegialt forhold.
Problemet er at dette ikkje er ei bekymring som kjem frå verken lærarane det gjeld (høyringsuttale frå dei ansatte) eller elevane og foreldra deira som alle er nøgd med skuletilbodet dei har i dag. Rapporten frå Telemarksforsking seier heller ikkje noko om at ein har noko problem på grendaskulane, ei heller kan dei seia at ei sentralisering vil gi betre resultat. Det finst ikkje noko forsking som tilseier at stort er betre enn smått, eller omvendt med tanke på skulestorleik.
Det vert vidare hevda at småskulane stjel ressursar frå dei store skulane, dette er jo då også avvist i rapporten frå Telemarksforsking, som seier at den nye lærarnorma i stor grad utjamnar dette.
Til eksempel har Sveio barneskule 0,9 årsverk meir enn lærarnorma, mens Auklandshamn skule har 1,1 årsverk over lærarnorma. Ei marginal forskjell altså, tala er også usikre og ikkje kvalitetssikra sidan lovpålagt spesialundervisningstimar ikkje er trekt ut. Har ein til dømes fleire elevar som har krav på spesialundervisning vil desse tala slå negativt ut på talet i rapporten. Skeivfordelinga kan altså ikkje dokumenterast i tal som er kvalitetssjekka.
Eitt av våre store argument for å behalda skulane våre er den lange busstransporten elevane får ved å flytta skule. Argument frå mellom anna Furdal og Halleraker er at det allereie er elevar som pendlar langt til skulen i dag og det går greit frå Tveitaskog. At det er uheldig kunne dei vera einige i, men det var eit val me foreldre tok kor me ville busetta oss.
Dette er etter vårt syn eit syltynt argument; så lenge nokon få har desse utfordringane i dag, så gjer det ikkje noko om 100 elevar til også får det! I våre bygder har me busett oss mykje på grunn av kort veg til skulen, så at me sjølve må ta ansvar for at me har valt å busetta oss langt frå Førde skule er for oss uforståeleg.
Som leiar av utvalet sa Halleraker at han hadde tatt eit val om ikkje å busetta seg langs Ålfjorden (der han vaks opp) på grunn av lang veg til skulen og tenester i sentrum – same argument kjem våre ungar til å bruka mot å busetta seg i våre grender pga avstand til skule for sine ungar om den ikkje er der i framtida.
Bygda vår vil sakte dø. Det blir vist til utviklinga på Lid og Bua etter nedleggingane der, at det ikkje har gått så galt som mange sa. Det kan nok stemma for Lid og til dels Bua, men det som taler mot at vår bygd skal klara omstillinga er avstanden til Sveio, og Førde for den del. Som Telemarksforsking seier er avstand til tenester (skule; butikkar og så vidare) og arbeidsmarknaden avgjerande for kor bra eit samfunn klarar seg etter ei skulenedlegging. Der eit samfunnet ligg langt frå tenestene blir det vanskelegare å oppretthalda befolkinga og ei positiv utvikling.
Nygård, utbrytaren frå Høgre, argumenterer med at sentralisering er ei naturlov som hender alle stadar frå LA til Singapore og difor vil gjelda for Sveio og Sveio sentrum også. Dette er ei fallitterklæring frå ein politikar som har gått til val på Høgre sitt program for å satsa på alle bygdene og behalda alle skulane.
No har politikarane ei gylden moglegheit til å visa at dei verkeleg satsar på ungane i Sveio og på alle bygdene – ved å behalda skulane våre! Gjer dei det, står Sveio kommune mykje betre rusta for å møta framtida. Ein kommune som følger nye trender der det gode trygge nærmiljøet, miljøhensyn, folkehelse og nærleik til naturen blir viktigare og viktigare for folk flest, vil verta belønna med vekst og utvikling. Ikkje stagnasjon og fråflytting. Hugs – ein gong i framtida kan til og med det store Sveio sentrum verta for lite!
Helsing FAU Auklandshamn
v/ leiar Marryel H Velde og nestleiar Anne Grethe Rossehaug