meiningar

auklandshamn skule dronefoto 17.02.21
Auklandshamn skule, februar 2021.

Til mine flotte kollegaer ved Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter!

Frå ein kollega til ein annan – eg vil at de skal vite at de har mi fulle støtte i kampen mot skulenedlegging. Det er ikkje rettferdig det som skjer nå! Det er ikkje rettferdig at det blir stilt spørsmål med dykkar faglege kompetanse og om de er gode nok!

Det er ikkje rettferdig at de skal stå i klasserommet og lure på om det er siste gong du står der no fram mot sommaren. Det er ikkje rettferdig at du skal måtte svare på spørsmål frå fortvilte foreldre om læringsutbyttet verkeleg er dårlegare på fådelte skular. Det er rett og slett URETTFERDIG det som skjer no!

Det er ikkje lenge sidan førre runde, og då klarte me det akkurat – på hengande håret vil eg sei. «Det går ikkje neste gong» sa me den gong, no er neste gong. Me vil så gjerne klare det denne gongen òg, men me er redde politikarane ikkje forstår. Dei forstår rett og slett ikkje kva som er fordelen med dei to fådelte skulane våre – sjølv om me har sagt det gong på gong.

Dei forstår ikkje kvifor Sveio kommune blir ein betre kommune av å la dei fådelte skulane bestå. Dei peikar på kompetansen til lærarane, det psykososiale miljøet og at det er heilt ok å sende femåringar på buss på tvers av kommunen. Og ikkje minst pengar, men det skulle visste ikkje handle om økonomi…

Dei har ikkje kjent det som me har kjent. Lukta i klasserommet, kjensla inne på lærarrommet. Fridomen i naturen rundt skulen, og kjensla av å trivast og ha det bra. Tryggleik og trivsel hos elevane og GODE lærarar som ser dei. Du har kjent det, heilt sikkert, og veit kva eg snakkar om.

De er ikkje opptatt av å heile tida vere betre enn andre, men de er opptatt av å få fram det gode som faktisk skjer på skulen dykkar.

Og for eit samarbeid me har hatt dei siste åra, folkens. Me har utvikla språkplan saman, modulplanar og ny læreplan saman i nettverk Nord. Eg har berre godt å seia om mine medkollegaer nord i kommunen. For nokre flotte lærarar de er, og det er ikkje rett at de skal måtte stå i denne kampen nå igjen! For det handlar ikkje berre om at ungane mistar sin tryggleik, det gjer de òg. De mistar ein arbeidsplass de trivast på – medkollegaer som forsvinn. Og de har ikkje valt det sjølv – det er så urettferdig!

Lærarane på dei fådelte skulane likar ikkje så godt å stikke seg ut. De er ikkje opptatt av å heile tida vere betre enn andre, men de er opptatt av å få fram det gode som faktisk skjer på skulen dykkar. Så når det kjem påstandar om at lærarane ikkje gjer det beste for elevane, nei då blir eg lei meg på dykkar vegne! Dei beste åtte åra av mi jobbkarriere fekk eg tilbringa på Auklandshamn skule. Det er eitt år sidan no, og kanskje burde eg vore glad eg slutta så eg slapp å stå i dette, men no kjenner eg meg berre trist…

Eg hugsar godt då me hadde besøk av tidlegare skulesjef Solfrid Lier Habbestad og Petter Steen, der eg og ein kollega la fram korleis me arbeida i klassane i forhold til visualisering av klasserom og læringsstrategiar i undervisninga. Elevane på Auklandshamn gjorde det så godt at skulesjefen ønskja å vite kva me gjorde for å få slike resultatet (for resultater er viktige veit dykk!).

Eg minnast òg ved minst to høvde der skulesjef og HOK-leiar Asle Halleraker var på besøk og var svært imponert over det psykososiale miljøet på Auklandshamn. Det er rart med det, det har visst gått i gløymeboka det…

Kjære Camilla, Erna, Eldunn, Alexandra, Maria, Camilla, Marie Elisabeth, Benedicte, Silje, Astrid, Arve, Bjørn, Linn, Gunvor, Ida, Kari, Kristin, Kate Elin, Kristine, Nina Arlen, Randi og Gøril (eg håpar eg har fått med meg alle) – stå på! De er viktige og gjer ein super jobb for elevane dykkar! Kampen er ikkje over ennå.

Helsing medkollega
Kristin Larsen, Sveio skule

PS! Kvifor bytta eg jobb? Det hadde ikkje noko med ungane å gjere. Det var ikkje kollegane mine. Det var ikkje på grunn av vanskelege foreldre (for meir dedikerte og engasjerte foreldre skal du leite lenge etter). Eg ønskja meg rett og slett eit nytt eventyr! Så der har du det!

Powered by Labrador CMS