meiningar
«Tidleg innsats i praksis er eigentleg det me ynskjer, alle tilsette i skulen»
Ein framtidsretta skule. Det er det me ynskjer, alle me som jobbar i skulen. Det same gjeld nok dei som har barn i og rundt skulealder. Ein skule der det er forutsigbarhet i kvardagen, trygge og gode rammer og stabile vaksne som kjenner ungane godt. Ein skule der læraren har tid og overskot til å ha tid og sjå kvart barn og la dei få den merksemda dei fortener. Det er det me ynskjer. Men kva skal til for å komme dit? Fordi det er heilt klart ikkje der me er no.
Det er sjølvsagt eit komplisert spørsmål, med mange variablar, men det me gjerne kan einast om er at ein god skule må ha nok ressursar, både menneskelege og økonomiske, til å ivareta dei elevkonstellasjonane dei har.
På den måten kan me ivareta, pakke inn og trygge elevane på ein god måte, og kan ta tidleg grep om me ser noko som ikkje fungerer. Me unngår og at lærarar ikkje orkar å stå i jobben, fordi dei kvar dag går heim med ein følelse av å ha mislukkast.
1 av 3 med lærarutdanning jobber ikkje i skulen i dag. Det er eit enormt høgt tall, og det er gode grunnar til det. Skal me i Sveio lukkast med skulen vår, må me ta vare på dei gode lærarane me har i skulen i dag og gi dei ein reell sjanse til å lukkast. Slik er det ikkje i dag.
Læraren er utruleg viktig å ta vare på for ein skule, men ingen er viktigare å ivareta enn borna. Blant dei minste elevane i dag ser me, både her i kommunen og elles i landet, ei stor auke i uønska elevåtferd. Det er ei samfunnsutvikling me må ta på alvor.
Korleis handtere at elevar dagleg går til angrep på andre elevar, kviskrar truslar og stygge ting i øyra deira, spyttar på andre, stikk av og liknande? Jo, ein treng fleire hender inn. Det kostar meir penger, dessverre, men slik er det. I løpet av dette skuleåret har fire store klassar på 1.-4. trinn blitt til 6 mindre klassar grunna store utfordringar. Det har hatt ein særs positiv effekt, både på elevar og tilsette sin kvardag, noko eg trur dei som jobbar rundt desse klassane kan bekrefte.
Solskinnshistorie, ikkje sant? Vel, no har me fått vite at rammetildelingane tilseier at me igjen må gjere endringar. Endringar i form av at tre klassar igjen skal bli til to på neste års 5. trinn, ei endring som gjer at mange av desse elevane vil få sin 5. kontaktlærar på eit drøyt år. Det er ein god grunn til at desse klassane er delte i tre mindre grupper, det må de berre stole på oss på. No må dei få ein forutsigbar og stabil skulekvardag fram mot ungdomsskulen.
Neste års 1. trinn er planlagt som store klassar på 25 elevar i kvar klasse. Dei lærarane og vaksne som skal vere der kjem til å få det travelt med å knytte skolisser, følge på do, kle på og av, løyse opp i konflikter, tørke tårer… Ja, det er mykje dei treng hjelp til i den alderen der. Så skal dei jo helst lære desse ungane noko innimellom, óg. Det blir ikkje mykje tid til kvar elev. Så veit me jo av erfaring at nokre få opptar nesten all merksemda til dei vaksne, slik at det store fleirtalet får særs lite tid til å bli sett av læraren. Og er det nokon det er viktig å sjå, så er det nettopp desse små englane, fulle av læringslyst og energi.
Eg har sjølv lite erfaring frå dei minste klassane, men eg har trenaransvaret for ei gruppe med 5- og 6-åringar på allidrett. Der kjem ungane med kvar sin vaksen, og med årets koronarestriksjonar har eg berre 10 ungar på mi gruppe. Sjølv då er det neimen ikkje enkelt å fange alle si merksemd når eg skal forklare kva me skal gjere.
Sist begynte ein, tilfeldigvis min eigen son, å grine fordi hans hand ikkje blei plukka først til å svare på eit spørsmål. Etterpå reflekterte eg litt over denne erfaringa i samband med neste års førsteklasse. Der skal dei altså vere meir enn dobbelt så mange ungar som dette i eit mykje mindre rom. Der skal ingen ha med foreldre, og det er kanskje to vaksne i rommet samtidig, om me er heldige. Kva sjanse har dei eigentleg for å lukkast? For å gå heim å tenkje med seg sjølv at «i dag har eg sett alle, alle har lært noko og alle har hatt ein god dag på skulen i dag?» Den sjansen er neimen ikkje stor.
Kvifor blir det slik? Dette er jo det motsette av tidleg innsats i praksis. Faktum er at dei midlane som tidlegare var knytta opp til tidleg innsats, vart slukte inn i ressursane for å finansiere lærarnormen, eller minstenorm for lærartettleik som den heiter på fint. Utdanningsforbundet har kjempa for å få denne gjennom i den tru at dette skulle hindre store klassar, eller i det minste sikre to lærarar inne i større klassar.
Intensjonen er den at dersom ein klasse blir større enn 15 elevar på 1.-4. trinn eller 20 elevar på 5.-10. trinn så skal det vere to pedagogar i klassen til ei kvar tid. I staden gjeld lærarnormen no ikkje på klassenivå, men på hovudtrinna 1.-4., 5.-7. og 8.-10. klasse. For å gjere det enda verre, bruker mange kommunar, Sveio inkludert, denne minstenormen som utrekningsmal når ein reknar ut kor mykje pengar ein må bruke på skule kvart år. Sånn sett må me kunne seie at lærarnormen framstår i augneblinken som feilslått politikk, med motsett effekt av kva som var intensjonen bak.
Slik er stoda i dag, men me kan jo gjere endringar. Ei minstenorm angir det absolutte minimum av kva ein har lov til å bevilge, men det er jo ikkje slik at me skal liggje tettast opp mot det talet, sjølv om det kan verke lurt ved første augnekast.
Eg er overtydd om at å investere noko ekstra ei stund, ofte kan lønne seg på sikt. Viss me til dømes sikrar elevar i Sveio kommune ein god og trygg start på skulegongen, kan det gjere at elevar og klassar kjem meir på plass og sånn sett kostar mindre når dei blir eldre.
Det kan me gjere ved å vedta at i Sveio kommune skal det vere ein lærar og ein assistent i alle førsteklassar, og at ingen av desse klassane skal vere større enn 18 elevar. Me har lov til å gjere det. Me kan og velje å bevilge noko ekstra til å ivareta det drastisk aukande talet av ungdommar med alvorlege psykiske vanskar.
Elevar som tidlegare har vore velfungerande, og derfor ikkje har noko vedtak om spesialundervisning knytta opp til seg. Det har blitt gjort ein fantastisk jobb av tilsette ved Sveio skule for å få på plass eit annleis og tilpassa tilbod til desse elevane i år, men det er ikkje rammer nok til å sikre eit liknande tilbod neste skuleår, det til tross for at det er eit aukande antall elevar som nyttar seg av tilbodet.
Det er ein evig kamp om ressursane kvart år, og me blir nok aldri nøgde. La meg gjere ein ting klart: Sveio skule får meir tildelte midlar neste skuleår enn kva dei fekk inneverande skuleår, sjølv om det er mindre enn faktisk brukte midlar. Skulen her har faktisk ikkje klart å halde budsjettet eit einaste år dei siste fem åra.
Kva fortel det oss? Jo, det er likevel ikkje dekkande for dei utfordringane me ser i vår kvardag. Me lev ikkje eit liv i sus og dus. Kva med å i større grad høyre på behova ute på skulane før ein bestemmer seg for ein sum pengar? Om me har ein betre dialog, og baserer tala på faktiske behov, ikkje berre gjennomsnittstal frå tabellar, så trur eg me vil skape ein betre skulekvardag for fleire. Til dømes blir det ikkje gitt midlar til spesialundervisning basert på kor mange som har behov og rett på det, men utifrå eit forholdstal av kva ein ynskjer at dette talet skal vere.
Det inneber for Sveio skule sin del at ein berre får midlar til halvparten av spesialundervisninga, noko som igjen betyr at dei få tolærartimane som finst må nyttast til spesialundervisning for nokre få, og sånn sett kjem færre tilgode.
Dette er enda ein ting som ikkje er i tråd med retningslinjene og intensjonane bak lærarnormen, der timar til spesialundervisning og særskilt norskopplæring skal haldast utanfor det reknestykket og komme i tillegg. Vil ein ha desse tala ned, er det ikkje ein god idé å berre kutte i kva ein gir til dei tiltaka, men oppretthalde dei gode tiltaka som i dag er på plass, samtidig som ein satsar på tidleg innsats og ein god skulestart for alle elevar i sveioskulen.
Tidleg innsats i praksis er eigentleg det me ynskjer, alle tilsette i skulen. Tidleg innsats handlar om å gi elevar ein god start på skulegongen, men det handlar og om å handle tidleg der me ser det er behov, før problema blir for store til å handsame. Samfunnsendringa som er nevnt tidlegare her, med aukande åtferdsutfordringar på barnetrinnet og psykiske vansker på ungdomstrinnet, kan me nok gjere lite med, men me er nøydde til å sikre at me er rusta til å hjelpe desse elevane på best mogleg måte.
Det gjer me best ved å vere i forkant, ved å ha tilbodet klart for eit behov me veit kjem. Når elevar til dømes slit med sjølvmordstankar, held på med sjølvskading og liknande. så må det vere eit apparat klare til å handsame det. Me veit desse elevane er der i fleire og fleire klassar. Det må ikkje vere slik at kontaktlærar skal leggje alt til sides for å løyse dette óg. Dei har tross alt allereie kanskje 25 andre elevar som skal følgjast opp, kvar med sine ting som skal bli ivaretatt og tatt hensyn til. Her kan me vere i forkant, viss me vel det som kommune. Heldigvis har alle partia satsing på tidleg innsats som ein del av sitt partiprogram, så no har dei moglegheita til å vise det i praksis.
Framtidas skule må vere forutsigbar. Forutsigbarhet skaper igjen tryggleik. Då må me løfte hovudet litt, og sjå litt lengre enn neste skuleår, og såleis treffe dei rette avgjerdene. Dette ansvaret ligg no hjå politikarane våre.
Småskulane har blitt redda, noko som sikrar desse elevane små klassar og nære forhold. Det er bra! No vil me gjerne sjå liknande prioriteringar på Sveio skule, som faktisk husar rundt 70 % av elevane i Sveio kommune.
Utdanningsforbundet Sveio skule v/tillitsvald
Leif Sverre Haga