meiningar
Telemarksforsking og talsjonglering i skulestruktursaka
1. Elevtalsutvikling:
Rapporten side 22, seier om Auklandshamn «Auklandshamn skule vil venteleg ha 33 til 36 elevar i 2026/27», men seinare i same avsnitt «Høg elevtalsutvikling kan gje elevtal på 40-50 elevar». Kvifor er det lågaste tal 33-36 som er «venteleg» og ikkje 40-50?
SSB, Noregs offisielle talknusarar, på si side seier at i 2019 var det 5798 innbyggerar i Sveio, i 2030 ventar dei ei auke til 6107 innbyggerar. Det vil altså medføra ei auke på omlag 5%. I 2050 estimerer SSB ei auke til 6635 innbyggerar i Sveio, heile 14,4% auke altså!
Skulle tru Auklandshamn og Valestrand kunne ta del i denne veksten om kommunen satsar på bygdene òg.
2. Små skular stjel ressursar frå store skular:
Rapporten seier i Vedlegg 4 at Sveio barneskule hadde 0,9 årsverk over lærarnorma, Førde 0,9, Auklandshamn 1,1, Valestrand 1,2 og Vikse hadde 0,2.
Vidare seier rapporten i kapittel 10.1(s.22) at «Færre elevar aukar ressursbruken over lærarnorma fordi dei ville krevje færre ressursar i ein større skule.» I same kapittel sier dei at elevtalet i Auklandshamn venteleg vil reduserast til 33-36 i 2027 og «Det vil vere 3,0 årsverk til ordinær undervisning, noko som om lag 0,9 årsverk over lærarnorma.»
Altså ei reell reduksjon i meirforbruk frå 2019 (1,1) til 2027 (0,9) sett i forhald til lærarnorma. Dette visst mest pessimistisk elevtalsframskriving vert rett.
Tala for meirforbruk utover lærarnorma i Sveio kommune er i følge rapporten Vedlegg 4 (s. 42) «Utrekninga tar ikkje omsyn til fråtrekk for spesialundervisninga, slik at den kan vise eit litt for høgt tal.»
Meirforbruk på omlag 1 årsverk over lærarnorma kan altså i realiteten vera null eller kanskje negativt, om ein trekk frå årsverk knytt til lovpålagt spesialundervisning for dei elevane som har krav på det.
Kvifor har ein ikkje tatt seg bryet med å gjera denne kvalitetssikringa av tala?
Tek ein i same argumentet hensyn til skulekostnadar omtalt i punkt 7(s.13) «Sveio kommune brukte ca. kr 116 000 kroner til grunnsektoren per barn i alderen 6 til 15 år i 2019. Det er litt mindre enn det som er vanleg.» er det vanskeleg å forstå at Sveio kommune brukar meir ressursar på nokon av skulane enn det ein bør.
Dette bør vera eit varsko om at ein burde lagt meir, ikkje mindre pengar til drifta av Sveioskulane.
Tal kan vera mektige argument, men dei kan og tolkast på mange måtar. I denne saka synest er Telemarksforksing har vore vel pessimistiske mtp. tolking av talmaterialet opp mot småskulane i kommunen.
Eg har her tatt utgongspunkt i Auklandshamn skule, som eg soknar til og har born i, og difor kjenner best. Same argumenta vil gjelda for Valestrand og Vikse skular.
Ole Velde
Kommunestyrerepresentant Sveio Sp