meiningar
«Sykling i gongane på Sveio Senter»
Er det verkeleg greit at kundar syklar inn og ut av Sveio Senter? Eg har helst observert elsparkesyklar. Ein dag kom ein ikkje heilt ung mann på ein stor elsparkesykkel inn døra frå retning aust. Mannen auka farten før han bråstoppa nær kassen der mellom anna ekspeditøren såg han.
Eg har sett dei før, desse som kjem syklande inne på senteret. Men ingen av dei unge – mest gutar – har kome i slik ein fart. Denne dagen glapp det ut av meg at det er galskap å sykla i gongen der store og små skal kunna ferdast trygt. Ein kar like ved svara «Eg veit at han her har utfordringar». Det er sjølvsagt leit, men likevel ikkje greit at ingen kan stoppa han og fleire andre.
Også tilsette i butikken Eventyrleg har forsøkt å få ein slutt på nemnde sykling. Sist veke kom eg ut frå apoteket då ein ung gut sykla forbi meg. Heldigvis i roleg tempo og på ein vanleg sykkel. Men guten parkerte slik at sykkelen sperra noko for gåande. Eg spurde fint om han bruka å sykla i gongane heime. Han svara høfleg nei, og sa at han ikkje var klar over at det var ulovleg å sykla der.
Ungguten sette sykkelen utanfor døra då eg ba han gjera det. Men – her er det eit men. Desse syklane kan visstnok låsast med ein app. Problemet er at andre utan vanskar kan opna låsen og stikka av med dei. Då eg prata om dette med ein erfaren ekspeditør hos Kiwi, kunne ho fortelja at det vankar nokre uærlegefolk i området som stel elsyklar dersom dei står utanfor butikken.
Derfor tillet Kiwi at kundar kan trilla sykkelen gjennom gongen for å settja den frå seg like innanfor døra utan at den sperrar vegen. «Dersom dei er fleire i lag, ber me om at syklane vert ståande utanfor bygget, og at ein i gjengen blir verande for å passa på. Dette fungerer godt.»
Då eg beskreiv den noko eldre karen, fortalde ho at også han følgjer regelen om å trilla sykkelen inn døra. Mitt forslag er at foreldre snakkar med sine born og unge om dette, samt at Sveio Senter så snart som råd er finn ei god løysing for at ikkje nokon av deira kundar vert utsette for det som må reknast som «farleg sykling« i Sveio Senter.
Takk til Odin og kameraten Gustav for ein god prat om saka. Dei lova å aldri meir sykla inne på senteret.
Elisabeth Hauge Bakke