meiningar

Siloballar langs hovudvegen mellom Haugesund og Sveio, i Sveio kommune.
Siloballar langs hovudvegen mellom Haugesund og Sveio, i Sveio kommune.

Sveio Ungdomsråd si meining om skulesaka

Me i Sveio ungdomsråd har følgt nøye med på skulesaka. Me hadde ei intern avstemning angåande skulestrukturen, utfallet er eit overveldande fleirtal for å oppretthalda dagens skulestruktur.

Skyss: 1,5 t med transport synest me er alt for mykje for småbarn. Dette går utover konsentrasjonen og ein får mindre tid til lekser og fritidsaktivetetar. Bussturen er også ein kjend arena for mobbing.

Eit tap for heile kommunen: Det er ikke like aktuelt for alle å busetja seg i Sveio sentrum. Mange søkjer moglegheiter til å bu landleg, men likevel med kort veg til skule og butikk. Levande og livskraftige bygder er med på å gjere kommunen meir attraktiv for framtidig tilflytting.

Plassmangel ved Førde skule? Elevtalet ved Førde skule vil bli meir enn dobla over sommaren, utan at det er nokre konkrete planar for oppgradering av verken skulebygg eller uteområde.

Barne- og ungdomsskule: I løpet av livet har du ulike behov. Som liten har du større behov for skule i nærmiljøet. Når du blir eldre endrar desse behova seg og det blir ein meir naturleg overgang til større miljø.

Sveio ungdomsråd vart oppretta for å gi ungdommens meining/perspektiv i ulike sakar. Me håpar kommunestyret anerkjenner vår meining av saka, og tar dette til følgje.

Sveio ungdomsråd
v/Tuva Naustvik Økland og Christian Naustvik Økland, med innspel frå resten av representantane

Powered by Labrador CMS