meiningar

Me vil ha utvikling – men på ein måte som sikrar både vekst og økonomisk tryggleik. I motsetning til Tverrpolitisk Fellesliste ønskjer me liv i alle bygder, ikkje berre i sentrum, skriv Sveio Sp, her representert ved gruppeleiar Monica Vandaskog Valen. Arkivfoto: Morten Vågset Møller
Me vil ha utvikling – men på ein måte som sikrar både vekst og økonomisk tryggleik. I motsetning til Tverrpolitisk Fellesliste ønskjer me liv i alle bygder, ikkje berre i sentrum, skriv Sveio Sp, her representert ved gruppeleiar Monica Vandaskog Valen.

Sveio Sp – eit parti for heile Sveio både i dag og for framtida

Sveio Senterparti har heile tida vore opptatt av å føre ein trygg og ansvarleg økonomisk politikk for Sveio kommune. Det handlar om å sikre gode tenester – ikkje berre i dag, men også i framtida. Difor var me i utgangspunktet skeptiske til den første planen for ny barnehage, som var langt større enn det kommunen har behov for.

Då prosjektet vart skalert ned til same storleik som dagens Sveio barnehage, valde me å støtte det. Om ein i tillegg ser dette i eit berekraftperspektiv, vil renovering i staden for sanering og nybygg ofte vere mykje betre for miljøet. Dette er eit viktig poeng som må med i vurderinga av framtidige prosjekt.

Me ønskjer å styrke Sveio kommune gjennom å opprette eit bustads- og næringsfond. Med eit slikt fond kan me få fart på lokal bustadbygging og næringsutvikling, noko som vil føre til fleire innbyggjarar og auka skatteinntekter. Dette er langsiktig og berekraftig utvikling som kjem heile kommunen til gode. Noko me håpar mellom anna Tverrpolitisk fellesliste støttar opp om.

Sveio Sp tek avstand frå påstanden om at me er mot utvikling i Sveio sentrum. Me ser at nøkkelen til vekst og utvikling er at alle bygdene i Sveio drar i same retning. Alle bygdene har sine kvalitetar som saman byggjer eit sterkt Sveio. Men ingen er sterkare enn det svakaste leddet. Dersom me gjer feilslåtte investeringar som fører til stagnasjon og dårlege tenester, taper alle. No er tida for samarbeid – me må legge vekk den gamle bygd mot bygd tanke gongen som Tverpolitisk Fellesliste likar å nøre opp under.

Samtidig satsar me på sentrum. I kommande kommunestyret skal me finne løysingar for eit framtidsretta helsehus som skal vera ein viktig funksjon for innbyggjarar i heile kommunen. Her vel me å gripa ei moglegheit som kan gje oss meir enn berre areala me sjølv treng. Dette gjer me for å løfta sentrum ytterlegare, skape aktivitet og leggja til rette for eit samarbeid med næringslivet – eit prosjekt som gjer Sveio meir attraktivt både for innbyggjarar, helsepersonell og nye etablerarar.

Me vil ha utvikling – men på ein måte som sikrar både vekst og økonomisk tryggleik. I motsetning til Tverrpolitisk Fellesliste ønskjer me liv i alle bygder, ikkje berre i sentrum. Det er ikkje slik at når alle bygder er daude, så lever sentrum det gode liv. Sveio blir sterkast når heile kommunen har puls – frå sentrum til dei minste grendene. Det er slik me byggjer truverd og framtid for Sveio kommune.

Sveio Sp

Powered by Labrador CMS