meiningar

Å varsle ei slik kursendring, for deretter å trekkje seg med grunngjevinga «me hadde ikkje oversikt», viser manglande førebuing og dårleg politisk handverk, skriv Linn Therese Erve, Sveio Arbeiderparti
Å varsle ei slik kursendring, for deretter å trekkje seg med grunngjevinga «me hadde ikkje oversikt», viser manglande førebuing og dårleg politisk handverk, skriv Linn Therese Erve, Sveio Arbeiderparti

Sveio fortener betre styring

Som me les i Vestavind, blei forslaget om å stoppe bygging av ny barnehage i Sveio sentrum ikkje fremja i kommunestyremøte måndag denne veka. Det er me sjølvsagt glad for.

Likevel må eg gi uttrykk for at forklaringa på kvifor H, KrF og Sp trakk forslaget sitt er urovekkande. Høgre seier nemleg no til Vestavind at «dette er en kompleks og stor sak som ikke bare handler om barnehage. Vi hadde rett og slett ikke full oversikt over konsekvensene da forslaget ble varslet.»

Det er svært kritikkverdig at desse partia i formannskapet valde å fremje eit forslag om å stoppe bygginga av ny Sveio barnehage – utan å ha full oversikt over konsekvensane. Når ein sit med ansvar for å styre kommunen, må ein ha fakta på bordet før ein signaliserer så store endringar. Å varsle ei slik kursendring, for deretter å trekkje seg med grunngjevinga «me hadde ikkje oversikt», viser manglande førebuing og dårleg politisk handverk.

Dette er ei sak som har vore grundig utgreidd før vedtak om å bygge ny barnehage blei fatta i 2023. Fleire av dagens kommunestyrerepresentantar var med å handsame denne saka då, men no ser det ut til at dei manglar kunnskap.

Barnehagesaka er ikkje ein liten detalj i budsjettet. Ho handlar om framtidas tilbod til barn og familiar i Sveio, og om kommunen si evne til å planleggje langsiktig. Trygg styring handlar òg om kontinuitet og føreseielege prosessar og vedtak. Du som innbyggar skal vere trygg på at vedtak me fattar i folkevalde organ blir realisert.

Når partia som no styrer kommunen vår først skaper uro og uvisse, for så å snu i siste liten, svekkjer det tilliten til styringa av kommunen. KrF gir i tillegg uttrykk for at siste ord i denne saka ikkje er sagt. Det skapar enda meir unødvendig uro.

Sveio Arbeiderparti er tydeleg på at me må bygge ny barnehage i Sveio sentrum, slik kommunestyret har vedtatt. Det skal me fortsette å kjempe for. Me vil ha utvikling i Sveio til det beste for deg som innbyggar. Då må me ha trygg, stødig styring. Me må syte for at vedtak fatta i kommunestyret blir realisert. Slik får me positiv utvikling og fortsatt gode tenester.

Sveio treng politikarar som tek ansvar, som set seg inn i sakene og som viser gjennomføringsevne. Denne saka viser dessverre det motsette. Me forventer betre.

Linn Therese Erve
Sveio Arbeiderparti

Powered by Labrador CMS