meiningar

- Det er svært skuffande at fylkestinget ikkje ser verdiane av å knyta fylket saman med Hordfast, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Linn Therese Erve (Ap), ordførar i Sveio.

Sveio bør vere ein del av Vestland

På måndag er valdagen for folkerøystinga om kva fylke Sveio skal høyre til i framtida – Rogaland eller Vestland. Mange har førehandsrøysta og eg ser det er engasjement rundt dette spørsmålet.

Eg meiner Sveio bør vere ein del av Vestland fylke. Årsaka til at eg har landa på dette er ei samla vurdering i eit overordna perspektiv. Sveio har i dag ein strategisk god plassering mellom to sterke regionar- Haugalandet og Sunnhordland. Vår geografiske plassering, og at me er ein del av både Haugalandet og Sunnhordland, er ein styrke for vår kommune. Som tidlegare ordførar Jorunn Skåden sa i sitt lesarbrev: Sveio er limet mellom Haugalandet og Sunnhordland. Sjølv om Sveio byter fylke til Rogaland no, vil me vere ein del av Sunnhordland og regionrådet der dei neste åra, men eg trur samarbeidet nordover blir svekka over tid. Då mister me ein av våre store fordelar.

Eg har stor respekt for at andre har eit anna syn enn meg i denne saka. Eg ser det er argument for å gå inn i Rogaland. Men samla sett meiner eg Sveio kan utvikla seg betre med å dra nytte av at me høyrer til to sterke regionar. Me må arbeide for å styrke samhandlinga mellom Haugalandet og Sunnhordland, jobbe med å viske ut fylkesgrensa i staden for å byte fylke. Det er ved å stå saman at me får ting til. Og det meiner eg Sveio har vore, og framleis er, ein sterk bidragsytar til. La oss fortsette med dette arbeidet, og slik sett styrke regionen mellom Bokn og Bjørnen, og samstundes styrke utviklinga av vår flotte kommune.

Me har fått god kunnskap gjennom denne prosessen. Me har allereie tatt tak i ting som kan betrast, uavhengig av kva fylke me høyrer til. Til dømes er det starta eit arbeid for å sikre at våre ungdomar har eit godt grunnlag for oppfølging dersom dei droppar ut av vidaregåande skule. Dette er viktig uansett kva fylke me høyrer til, då ungdomar frå Sveio går på vidaregåande skule både i Vestland og i Rogaland. Eg er oppteken av at våre ungdomar har eit godt opplæringstilbod. Då er avtalen mellom Rogaland og Vestland svært viktig. Denne avtalen er begge fylkeskommunane nøgd med, og dei har ingen planar om å endre den. Eg vil likevel jobbe aktivt med å gjere dette tilbodet for våre ungdomar meir føreseieleg, til dømes at det blir forskriftsfesta. Når det gjeld busspris frå Sveio til Haugesund vil eg nemne at eg har bedt Vestland fylke vurdere å ha same takstsone på buss i Vestland som over fylkesgrensa til Haugesund. Dette har fylket stadfesta å ta opp på no på nyåret.

Uansett resultat, om me høyrer til Vestland fylke eller Rogaland fylke, er det viktig at me drar i same retning. Me vil sjølvsagt jobbe like aktivt for vidare positiv utvikling av Sveio.

Viktigast av alt er at du som innbyggar i Sveio gir di stemme i denne folkerøystinga. Kommunestyret har bedt om råd frå våre innbyggarar, og då håpar eg du stemmer i dette valet, om det er for Vestland eller Rogaland.

Til no er det i underkant av 35 prosent som har førehandsrøysta. Klarar me å doble valoppslutninga etter valdagen på måndag? På måndag kan du stemme på samfunnshuset i Førde, soknehuset i Sveio og gymsalen på Vikse skule frå kl 10 – 19.

Godt val!

Beste helsing

Linn Therese Erve

Ordførar

Powered by Labrador CMS