meiningar

kommunestyremøte 7.12.20 politikk asle halleraker arbeidarpartiet ap
Asle Georg Halleraker føler seg utsett for eit maktovergrep av Ap sentralt, etter at regjeringa avslutta lærarstreiken med tvungen lønsnemnd.

Sveio Arbeiderparti ønsker å ta i mot flyktningar

I kommunestyremøtet 7. desember i år blei det vedteke at rådmannen, over dei neste fire åra,  skal starte med å avvikle Flyktningtenesta og andre kommunale tenester som har vore knytt til mottak av flyktningar. Årsaka er at Sveio kommune ikkje har fått førespurnad om å busetje flyktningar i 2021 frå IMDi, sjølv om administrasjonen over ei titals gonger har etterspurd flyktningar til Sveio.

Ein ting må vere klinkande klart: Sveio Arbeiderparti ønsker å ta i mot fleire flyktningar. Me er svært oppteken av eit mangfald i samfunnet, og at me skal hjelpe dei som treng det mest. Sveio Ap har erfart at flyktningane har gode og flotte ressursar å tilføre oss.

Vår kommune har dyktige fagfolk, rike erfaringar og gode resultat i flyktningarbeidet. Lokalsamfunna er også svært gode på å innlemme nye innbyggjarar. Dette veit vi. Svaret frå sentrale myndigheiter er dessverre at me ikkje får nye flyktningar til Sveio i 2021. Argumentasjonen frå IMDi kan ein vera ueinig eller einig i, men me må godta at dette er realitetane på noverande tidspunkt. Ei flyktningteneste utan flyktningar er ingen tente med. Det er også økonomisk og personalmessig uansvarleg.

Punkt 3 i kommunestyrevedtaket er svært viktig for Sveio Arbeiderparti; «Rådmannen vil kome attende med ny sak om busetnad av flyktningar om det på eit seinare tidspunkt vert aktuelt med busetnad av flyktningar i Sveio kommune». Med ordføraren i spissen kjem me til å arbeide aktivt for å få fleire flyktningar til Sveio kommune dei neste åra. Me er tydelege på at me vil ha ei sak til kommunestyret så snart me får signal om ein slik førespurnad. Til orientering kan det nemnast at Sveio Ap for kort tid sidan fekk fleirtal for å auke talet på flyktningar til Sveio kommune. Dette håpar me dei fleste har fått med seg.

Vår oppmoding til Senterpartiet, og ikkje minst KrF som sit i regjering, er å stå saman med Arbeiderpartiet i arbeidet for ei haldningsendring til mottak av flyktningar der avgjerdene blir tatt. Det er her vårt fokus i denne saka vil vere. Sveio Arbeiderparti vil gjere det me kan for at Sveio i tida framover skal ta i mot menneske som desperat treng vår hjelp.

Linn Therese Erve, Asle Georg Halleraker, Håkon Johnsen Skimmeland, Ingrid Pedersen Furdal, John Anders Semb, Maren Kristine Lye Bårdsen og Torgeir Tveit Katla
Kommunestyregruppa til Sveio Arbeiderparti

Powered by Labrador CMS