meiningar
Sveio Ap og skulesaka
Sveio Ap går inn for ei strukturendring i samband med saka om skulebruksplan fordi me forventar:
- Ei meir jamn ressursfordeling mellom alle elevane, no og i framtida.
- Tre skular som er fulldelte der elevar på same alder går i klasse med jamnaldrande.
- Eit større sosialt miljø der alle skal kunne finne seg vener og få faglege utfordringar saman med andre på sitt nivå.
- At alle elevar får undervisning av lærarar med høgast muleg kompetanse innan faga norsk, matematikk og engelsk.
- Større gjennomsnittleg tettleik av pedagogar og miljøarbeidarar i kvar klasse enn tilfellet er i dag i heile kommunen.
- Ved ei samanslåing vil dei dyktige tilsette ved Valestrand oppvekstsenter og Auklandshamn skule bli fordelte på andre skular i Sveio, og at elevane bli møtt av omsorgsfulle, kunnskapsrike og trygge vaksne på Førde skule som tar imot alle elevane på best muleg måte.
- Støttande foreldre og føresette som framsnakkar Førde skule fram mot skulestart 2021 til det beste for ungane.
Heile og ikkje berre delar av kommunen.
Sveio Ap ynskjer å sjå kommunen som ein heilskap. Me skjønar likevel at det er mykje lettare å sjå si eiga bygd og sin eigen skule som midtpunktet, og har difor stor forståing for at engasjementet blømer i Auklandshamn og Valestrand omkring skulesaka.
Lovnadar før valet.
Me har også forståing for at det er ulike meiningar hos dei som stemte på Sveio Ap ved sist val, og at denne saka er krevjande for alle som må ta ei avgjerd. Det er likevel viktig å presisere at Sveio Ap ikkje hadde tatt noko standpunkt til saka om skulestruktur før valet, verken i programmet vårt eller i møte med veljarane våre.
Det var eit einstemmig kommunestyre som tinga ein skulebruksplan, der mandatet til rapporten blant anna er ei vurdering av skulestrukturen. Dette blei det også opplyst om i sakspapira. Det blir difor feil å påstå at dette er hastverk. Her ligg det ingen skjult agenda. Når alle politikarane ber om ei sak frå rådmannen, og administrasjonen legg ned store ressursar i å førebu denne, synest me det blir heilt feil å gjere seg opp eit standpunkt før saka ligg føre dersom ein ikkje har ideologiske grunnar til å gjere det. Nokon er mot alt, uansett, og nokon er for alt, uansett. I saka om skulestruktur har me ikkje konkludert før lenge etter at saka blei presentert.
Folkemøte og demokratisk prosess.
Fleire har stilt spørsmålsteikn om den demokratiske prosessen og fråvær av tradisjonelle folkemøte. I tida me er inne i no, er det ikkje muleg å arrangere folkemøte slik som tidlegare utan å bryte smittevernforskrifta. Slike møte er god indremedisin og ein arena for å stille dei folkevalte direkte spørsmål i eit ope fora i løpet av eit relativt kort tidsrom på 2-3 timar. Dette er ei løysing som kunne sikra ein direkte kommunikasjon mellom innbyggarane med ein ordstyrar som også kunne kvalitetssikra språkbruken og ein relativt sakleg debatt sjølv om temperaturen er høg. No er situasjonen ein heilt annan.
I Sveio 2021 har dei aller fleste tilgang på sosiale media og meir seriøse aviser som Vestavind og Haugesunds Avis, der alle ibuarane kan kome til uttrykk 24 timar i døgnet 7 dagar i veka. Me har aldri opplevd eit så massivt press og meir eller mindre saklege innspel i løpet av snart to månader i ein kontinuerleg straum av ytringar, at eit folkemøte berre hadde vore ei svak krusning på overflata samanlikna med den tsunamien av ytringar kvar einskild dugnadsarbeidande folkevalt har vore utsett for i det siste. Verda har forandra seg, og me i Sveio Ap trur at det har vore muleg for langt fleire å kunne ytre seg no enn kva tilfellet er på eit folkemøte med avgrensa areal og taletid.
God kapasitet ved Førde skule både inne og ute.
Både Telemarksforskning, rektor ved Førde skule og skulefagleg kompetanse har trygga dei folkevalte med at Førde skule skal kunne ta imot alle elevane frå Auklandshamn og Valestrand på ein trygg og god måte. Dei skal i tillegg gi dei god plass inne og ute.
Dei lærarane som no arbeider i småskulane skal bli ivaretatt på sin nye arbeidsplass. Ingen skal miste sin faste jobb i Sveio kommune. Når vår ordførar seier at me stolar på dei faglege vurderingane som forsikrar oss om at det er plass ved Førde skule, så er det basert på grundige svar frå administrasjonen, som i tillegg har retta eit nytt spørsmål til Telemarksforsking. Svaret er at det er plass til å ta imot elevane frå Auklandshamn og Valestrand.
Vårt system er bygd på at administrasjonen greier ut sakene, og dei valte representantane tar val og styrer ut frå objektive saksopplysningar, ideologi, erfaringsbakgrunn og kven dei er som menneske. Ved å vere i posisjon og styre heile Sveio, må ein ta omsyn til heilskapen og gjere eit forsøk på å sjå korleis alt heng i saman med alt. Saksopplysningane ligg tilgjengeleg for alle som ynskjer å halde seg til fakta i saka. Me føreset difor at saksutgreiinga held vatn både som eit grunnlagsdokument i saka og i høve juridiske spørsmål.
Skuleskyss.
Me ser at nokon elevar får ein lang busstur, og at dette ikkje er bra. Difor er det grunn til å sjå på løysingar som kan gjere skuleskyssen så effektiv og trygg som mogleg. Dette vil me be administrasjonen om, for me veit at dette uroar mange foreldre og born.
Bygdeutvikling.
Me ser at ein skule kan vere ein viktig byggekloss i ei bygd, og at fleire meiner at det er avgjerande for eksistensen til bygda. Her må ein vege slike omsyn opp mot det saka først og fremst dreier seg om, og det er å skape den beste skulen me kan for alle i Sveio i framtida. Skulen er etter vårt syn ikkje grunnsteinen i bygda for det er det folket som bur der som er, men bygningane kan vere viktige som samlingspunkt etter skuletida. Difor har me tidlegare gått inn for å støtte opp om grendehus under den kommunale paraplyen, og me har nyleg gått inn for å sikre bygdene våre eit forsamlingslokale som lim i bygda. Skulen er open frå om lag kl. 08.30-14.30, medan eit grendehus kan vere open alle timar alle dagar etter kva som er naudsynt for dei som bur i bygda. Kommunen vil støtte opp om drifta slik dei gjer no, slik at bygningsmassen kan vere funksjonell. Bygda si oppgåve er å fylle desse bygningane med godt innhald etter skuletida dersom ein vil dette.
Me ynskjer derimot at det pedagogiske og sosiale arbeidet i skuletida skal gå føre seg i Førde, Sveio og på Vikse. Me har difor svært god tru på at både Auklandshamn og Valestrand er bygder som er godt rusta til å møte framtida, dersom energien som er der blir konstruktiv og positivt skapande. Saman med kommunen på lag som støttespelar og dei som bur der og brenn for bygda. Skulen er først og fremst ikkje eit symbol for bygda, men den viktigaste læringsarenaen for born og unge i skuletida.
Sveio Ap ser difor på bygdeutvikling i høve tre hovudområde som me har støtta fullt ut:
- Planarbeid: Kommuneplan, kommunedelplan og reguleringsplanar der ein legg opp til bustadbygging, næringsutvikling, tiltak i strandsona, landbruk, natur og fritid.
- Kommunale tiltak: Trafikksikringstiltak som sykkel- og gangstiar og gatelys ved kommunale vegar. Ein ynskjer her også å legge til rette for turstiar, bygging og vedlikehald av kommunale vegar, aktiv marknadsføring av bygdene og kommunen, støtte opp om grendahus, badeplassar, nærmiljøanlegg og velferdsteknologi slik at dei som ynskjer det kan bu heime lengst muleg, fiber/breiband, forvalte kulturanlegg (t.d. Ryvarden og Fartein Valen sitt landskap) og kommunal infrastruktur som elektrisitet, vatn og avlaup.
- Økonomisk støtte til frivillige lag og organisasjonar: Kommunal støtte til tippefinansierte tiltak (momskompensasjon), spleiselag med frivillige lag og organisasjonar og søknadar til overordna mynde i høve lokale prosjekt som stadutviklingsmidlar for Førde sentrum og «Liv og lyst» prosjektet i Valestrand.
Medlemsauke i Sveio Ap.
Ved å lese det som blir skrive i ulike media, kan ein få inntrykk av at «alle» er mot samanslåing av desse skulane. Me sit igjen med eit litt anna bilete. Klart det er menneske som stemte på Sveio Ap ved sist val, som er rasande ueinige med det valet me no har tatt, og det har me sjølvsagt respekt for. Det er likevel svært mange som også uttrykker støtte til dette valet, og dei er ikkje berre frå Sveio sentrum, men også frå Førde, Auklandshamn og Valestrand. Dei opplever det vanskeleg å stå fram med synspunkta sine i ein open debatt, for dei kjenner på kroppen kva konsekvensar dette får for dei sjølve og deira born som går på, eller snart skal begynne på desse grendaskulane.
Dei skriv at me må stå i det og ikkje gi oss, sjølv om mange brukar mindre smigrande karakteristikkar av vårt val og oss som personar. Det er difor gledeleg å oppleve ei medlemsauke på 8 % sidan skulesaka starta. Me har heller ikkje opplevd at nokon har meldt seg ut. Det er me svært glade og takksame for, og det kan tyde på at dei aller fleste medlemmene i Sveio Ap står bak heilskapen i politikken vår, og ikkje berre deler av den.
Stort ansvar.
Me kjenner alle på ansvaret ved å vere ein del av den lokalpolitiske dugnaden det er å stille seg på ei liste og «risikere» å bli valt inn i kommunestyret. Då er det gode og mindre gode dagar i vente. I det norske forvaltningssystemet er det saker som ein kan løfte opp sjølv og saker ein er pliktige å handsame med jamne mellomrom som kjem frå rådmannen. Ein slik praksis er forankra i det nasjonale lovverket. Saka om skulebruksplan er ei slik sak. Den har allereie vore utsett ein gong, og no er det på tide å setje ein sluttstrek for dette arbeidet, slik at ein kan sjå framover og få ro rundt strukturendringar. Me vil det beste for alle elevane i Sveio no og i framtida, og då går det omsynet føre andre interesser. Den felles ressurspotten skal delast mellom alle elevane, og me ynskjer difor å fordele desse ressursane til det beste for kvar einskild elev om det barnet eller den ungdomen går på Vikse, Sveio eller Førde skule.
Det kjem ei tid etter 12. april, og uansett utfall i saka, må alle støtte opp om det vedtaket som blir gjort. Her har me alle eit stort ansvar for å bygge opp om borna og deira skulegang. Deretter bør alle dei kreftene med mykje energi som har vore i sving, brukast konstruktivt og positivt til utviklinga av bygdene for her ligg det uforløyst potensiale dersom ein vel å kjempe med «nebb og klør» i saman og ikkje berre mot ein «ytre fiende».
Beste helsing
Kommunestyregruppa til Sveio Ap
Linn Therese Erve, Håkon J. Skimmeland, Asle G. Halleraker, Maren Kristine Lye Bårdsen, Ingrid Pedersen Furdal og Torgeir Katla.