meiningar
«Sunnhordland treng ei ny regjering»
Sunnhordland er ein av dei største verdiskapande regionane i landet. Til hausten står me alle overfor eit val. Det er på høg tid å endra kurs skal me greia å ta vare på, og vidareføra det velferdsamfunnet generasjonane før oss har bygd opp, og som vi skal overlevera til neste generasjon.
Sunnhordland og Noreg treng ei regjering som har langsiktige og handlekraftige løysingar for utfordringar me står overfor. For eksport og industrien vår trenger me føreseielegheit i både handelssamarbeid, skatt og reguleringar.
Med Høgre i regjering, vil me vektlegga kvalitet i skulen og innrette undervisninga slik at alle elevar gjennomfører skulegongen og får basiskunnskap som er naudsynt for vidare utdanning. Me må kunne setja krav til elevane, og syte for at læraren faktisk er den som er sjefen i klasserommet.
Me skal få helsekøane ned, og er opptekne av at alle gode krefter kan bidra, anten det er private, frivillige eller offentlege. Dette skal sjølvsagt skje på det offentlege si rekning. For oss er det viktigst at pasientane får rask helsehjelp, me er mindre opptekne av kven som utfører tenestene. På den måten vil me få ned skillelinjer på kven som har råd til å kjøpa seg hjelp og dei som må stola på at det offentlege stiller opp.
Kutting av viktige behandlingsplassar hos ideelle og private innan rus og psykiatri, samt gjenopning av lensmannskontor som ingen har trong for, er døme på tiltak som gjer at færre får hjelp og bidreg til sløsing av offentlege midlar. Me treng fleire politifolk for å få kontroll på kriminaliteten der den skjer.
Dersom Noreg skal lukkast, må også det private initiativ lukkast. I Noreg har me ein offentleg sektor som ikkje kan veksa meir. Produktiviteten må opp, for å auka veksten i verdiskapinga slik at me kan oppretthalda velferdssamfunnet vårt. Me må difor løfta fram det private initiativ, me treng gründarar, familiebedrifter og andre entreprenørar. Då må skattetrykket ned. Skatt på norsk eigarskap har auka med 107 prosent sidan 2021, dette er med på å utarma norske bedrifter.
Høgre har eit solid lag for å løyse utfordringene som opptek folk, med erfarne representanter som kjenner regionen og fylket. Me treng føreseielegheit for landet vårt, me treng stabilitet i ei uroleg verd, me treng eit sterkt Høgre.
Liv Kari Eskeland – stortingsrepresentant for Høgre
Lise-May Sæle – stortingskandidat for Høgre
Kåre Martin Kleppe – fylkestingsrepresentant og gruppeleiar i Tysnes Høgre
Vegard Bjørnevik – ordførar i Kvinnherad kommune (i farspermisjon)
Øyvind Kyvik – varaordførar i Stord kommune
Bente Kari Sletten Taranger – ordførar i Austevoll kommune
André Mundal Haukås – ordførar i Sveio kommune
Wenche Tislevoll – ordførar i Fitjar kommune
Ragnfrid Sønstabø – varaordførar i Bømlo kommune
Arild Stenberg – gruppeleiar i Etne Høgre