meiningar
Stor økonomisk risiko ved skulenedlegging
Kva er lokalsamfunna Valestrand og Auklandshamn verdt? Ikkje meir enn 2,25 millionar kroner, meiner Sveio kommune. Det er iallfall den forventa innsparinga ved å legga ned nærmiljøskulane i Auklandshamn og Valestrand.
Men samfunnsøkonomisk blir biletet eit anna. Den auka skuletransporten vil i seg sjølv innebera store kostnader. Det offentlege må framleis betala for dette. Og samtidig er all skuleskyss i utgangspunktet negativt for folkehelsa. Og folkehelseutfordringar er som kjent svært negativt for samfunnsøkonomien både på kort og lengre sikt. «God folkehelse er svært viktig for å redusera veksten i offentlege utgifter i tida som kjem», skriv Sveio kommune sjølv.
Skulane som kommunen vil legga ned har i tillegg knappe administrasjonsressursar i dag, så heller ikkje der kjem det innsparingar av betyding. Utan skular i Auklandshamn og Valestrand vil det likevel vera behov for drifts- og vedlikehaldsmidlar til dei nedlagde skulebygga. Men den meir økonomisk effektive samdrifta som ein for eksempel har med skule og barnehage i Valestrand oppvekstsenter i dag, vil derimot opphøyra. Samtidig anar ein ikkje kva kostnader som trengst for at det skal bli forsvarleg å bortimot dobla elevtalet i Førde.
Dei minimale og usikre innsparingane kommunen trur dei skal få er uansett berre smular samanlikna med det tapet skulenedleggingar vil ha å seia for aktive lokalsamfunn i kommunen vår. Det kjem til å starta ein nedgangsspiral. Færre personar og næringar vil koma til i bygdene, fråflyttinga vil auka, noko som samla reduserer kommuneøkonomien raskt.
Det er uhyre dristig politikk å vedta nedlegging på ikkje-reelle innsparingar og ukjente investeringar for kommunen. Samfunnsøkonomisk er det elendig. Prøv igjen!
Vidar Stokkenes
Tove Synøve Skaugerud
Foreldre ved Valestrand Oppvekstsenter