meiningar

Det blir full fart i Sveio golfpark i helga.

Skal me eta golfballar?

Det blei halde ekstraordinært kommunestyremøte torsdag 30. juni med hastesaka «Godkjenning av detaljreguleringsplan for utviding av Sveio Golfpark Gnr 92, Bnr 10 og 15» som einaste sak.

Det blei eit kort møte med kommunestyrerepresentantar i feriemodus. Resultatet blei eit stort fleirtal for godkjenning mot ei røyst. Den var mi.

Eg er ikkje motstandar av golfparkar eller at folk spelar golf. Det ligg til menneskenaturen å leika og konkurrera. Me er eit leikande vesen, eit Homo Ludens. Sveio Golfpark er også blitt ei viktig merkevare for kommunen som trekk til seg folk langt borte frå.

Årsaka til at eg gjekk mot godkjenning er at utvidinga av golfparken rammar jordbruksareal, beitemark som er til for matproduksjon. I Noreg har me jordlova som mellom anna seier dette i §9 Bruk av dyrka og dyrkbar jord: «Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida.»

Under planføresegner pkt 2.8 i saksdokumenta er jordverninteressene omtala:
«Jordverninteressene vil bli ivareteke på det viset at alle inngrepa som blir utførte i samband med golfbana er reversible. Det vil seie at dei opparbeidde areala enkelt kan setjast tilbake til reint jordbruksføremål. Storparten av arealet innafor plangrensene vil ikkje bli rørte og vil difor ha same jordbrukskvalitet som i dag.»

Etter mi meining er dette ei omgåing av jordlova sin intensjon for å legitimera reduksjon av jordbruksareal. Eg sa i kommunestyremøtet at det er hypotetisk og urealistisk at dette arealet blir tilbakeført til jordbruksareal. Ein Ap-representant, som òg er lærar med mykje historiekunnskap, kunne i ordskiftet realitetsorientera oss andre at golfbanar på austlandet blei nytta til potetdyrking under andre verdskrigen. Det er ikkje hypotetisk å tilbakeføra dette golfområdet til jordbruksareal, sa kommunestyrerepresentanten. Eg vonar ikkje at verda får ei matkrise som tvingar oss til å ta i bruk golfbanar til åkerland.
Er eg naiv når eg seier at utviding av golfparken ikkje har til hensikt å tilbakeføra jordbruksarealet? Berre tre prosent av landet vårt består av dyrkbar mark og av dette er 2/3 grasmark. Me menneske kan ikkje eta gras , men sauen og kua kan omdanna graset til kjøt og mjølk. Kan hende skal me eta golfballar!

Sveio 3. juli 2022

Arne Valen
Kommunestyrerepresentant
Sveio Senterparti

Powered by Labrador CMS