meiningar

Framtida er Sunnhordland kommune, meiner Jonas Økland. FOTO: UNIVERSITAS
Framtida er Sunnhordland kommune, meiner Jonas Økland.

Regionen si framtid er ein Sunnhordland kommune

Når regionreformen var som heitast var det fleire kommunar sør i Hordaland som rasla med sablar om at dei høyrte heime i Rogaland, heller saman med bøndene i Sogn og Fjordane. Trugslane med å flytte fylke sørover har i større grad stilna – Sveio har til og med lagt det frå seg etter ei gjennomført folkerøysting.

Eg kan forstå kvar debatten kjem frå. For oss innbyggarane i regionen, så ynskjer me å vera relevante og ha innverknad på avgjerder i større organ. Nettopp difor er regionen si framtid ein Sunnhordland kommune.

La meg berre seie; ingen er tent med å gjere denne debatten til ein diskusjon om by mot bygd. Sunnhordland kommune handlar ikkje om folk skal få bu i distriktet eller ikkje. Nokon vil til og med meine at heile Sunnhordland er distrikt allereie. Folk i Sunnhordland har busett seg på dei ytste holmar, og inste dalar i all tid, og det er ingen grunn til at grensene skal endre noko på det – det vil heller vera ein fordel å ha ein region, som gjer at du kjem deg frå grisgrendte strøk og til det du treng på ein meir saumlaus og enkel måte.

Så, no som idèen er lansert – kva er det godt for? Sunnhordland kommune handlar heller ikkje om grensa, men moglegheita til å gjere innbyggarane sine liv best mogleg, og gjere lokalmiljøet skodd for at folk skal kunne leve som dei ynskjer.

Ein stor grunn for at nettopp me burde tenkje på dette er at Sunnhordland er ein godt etablert region allereie. Det kan ikkje vera mange område meir samde om at våre eigne bygder er flottast, at fisk og pote er å føretrekke til middag, og at sommar og elleve grader er godt sommarvêr. Kanskje du kunne lest dette nettopp i Sunnhordland avis – slike regionale institusjonar er det flust av. Me er som skapa, og alt ligg føre for å få ein stor, robust, og samla kommune. Det er ikkje noko som skulle tilseie at denne konstellasjonen skulle vera noko anna enn ei styrke for innbyggarane.

La oss då ikkje øydeleggje dette med å la heile debattar handle om identitetsmarkørar, slik me har sett andre debattar har enda opp. Identitetsmarkørar som ikkje ein gong forsvinn. Eg vil aldri slutte å vera bømling, på same måten som du alltid vil vera frå der du er frå akkurat no.

Ein stor fordel med samkøyring er vårt unike område. Sunnhordland er alt frå skjær og øyer, oddar og knausar, til snøkledde fjelltoppar og djupe dalar, lange åkrar, og skur og høghus. Det ville vera ein stor fordel om dette var eit område som kunne koordinere transportløysingane sine. Ein ville hatt stor kraft opp mot fylket til å få solide vegar, mange og gode kollektivløysingar på både hav og land, og infrastruktur som knyt oss tettare saman. Det er ikkje tvil om at det er vanskelegare å reise her hjå oss, enn det er på eit flatt austland. Difor har me mykje meir att for å samarbeide godt om det, enn å sitje kvar for oss. Me er større enn berre vår eiga øy.

I tillegg er det fleire av oss som er stolte over stor og viktig industri- og næringslivshistorie her. No står me føre ein omstilling, der fornybare energikjelder er det som kjem til å gjelde, og vera viktig for både næringslivet sjølv, og landet. Me har vore i front før, og kan vera det att. Slike oppgåver løyser ein ikkje åleine, men saman, der næringslivet har føresetnadane for å jobbe tverrfagleg, og spele kvarandre gode. Når me sit på så mykje godt næringsliv i regionen, så er eg ganske sikker på at me har ganske mange løysingar her òg, berre ein kan spele på kvarandre sine styrker. Òg her finst det døme på institusjonar som allereie er inne på akkurat dette sporet, der Atheno driv med næringsutvikling i Sunnhordlandsregionen.

Ein stor, robust region vil ha moglegheita til både å få fleire oppgåver ein kan syte for, for å flytte påverknaden nærmare folk, og ha økonomiske musklar til solide prioriteringar på viktige felt. Framtida er Sunnhordland kommune.

Jonas Økland

Deltakar, Vestlandsakademiet til Intiativ Vest

Powered by Labrador CMS