meiningar
Rådmannen avfeiar legitime merknader i skulesaka
Me i FAU-laga i Auklandshamn og Valestrand peikte denne veka på alvorlege manglar i prosessen og saksbehandlinga. Me kjenner til at rådmannen har kome med ei tilbakemelding på dette i eit notat til dei folkevalde.
Som me skreiv, er verken prosessen eller utgreiingane for skulebruksplanen i tråd med kravet om forsvarleg saksførebuing. Det meiner også Kluge Advokatfirma. At rådmannen avfeiar alle merknadene utan å svara på ankepunkta, gir oss ikkje større tillit til saka.
Konsulentverksemda Telemarksforsking sin delrapport blei sendt på ei brevhøyring i seks og ei halv veke, noko som er kortare enn Utdanningsdirektoratet tilrår – i ein pandemi – midt i jule- og nyttårsferien. Desse momenta skal tilseia ein lengre høyringsperiode enn tilrådinga, ikkje kortare.
Ingen andre tiltak er visst sette i verk for å henta inn barna sine meiningar. Deltaking i planprosessar for barn og unge handlar om legitimiteten til prosessen, men det handlar i tillegg om å læra dei unge opp til at deira meining er viktig.
Å få delta i demokratiske prosessar er avgjerande for at dei skal få tillit til det demokratiske systemet og delta i lokalsamfunnet også når dei blir vaksne. Det er trist å sjå at dei gode innspela til elevråda ved dei nedleggingstrua skulane blir avsett med høvesvis to kulepunkt og to avsnitt frå rådmannen.
Rådmannen svarar ikkje på kvifor FNs barnekonvensjon er utelaten frå saka. Det held ikkje å koma med innhaldstomme utsegner om at «barnets beste har vore styrande i prosessen». Vurderingane etter konvensjonen skal koma tydeleg fram i saka – kva som er definert som barnets beste og korleis dette er vekta mot andre omsyn. Dette er nødvendig for at innbyggarane, høyringspartane og dei folkevalde skal kunna etterprøva vurderingane.
Kommunestyret har vedteke at planen skal på høyring, og det har den ikkje vore. Ved å endra på prosessen har rådmannen avgrensa informasjonen me som høyringsinstansar kunne ha når me skulle svara. Det ser ut til at rådmannen er komfortabel med å sjå vekk frå eit eintydig vedtak i kommunestyret, som rådmannen også har orientert om i løypemelding til formannskapet. Spørsmålet er om dei folkevalde aksepterer dette?
I tillegg til det juridiske aspektet, som me har gått grundig inn på i sist skriv og notatet frå Kluge Advokatfirma, så har deltakinga i prosessen eit betydeleg demokratisk aspekt. Ønsker dei folkevalde i Sveio kommune at alle grenser for demokratisk medverknad skal strekkast i den viktigaste saka denne perioden? Det store engasjementet visar at innbyggarane ikkje er nøgde med prosessen.
Det er mykje me kunne gått inn på i tilbakemeldinga, men me vil kort peika på nokre moment:
- Helsedirektoratet sin rettleiar til forskrift slår fast at Førde skule må godkjennast på nytt ved «driftsmessige endringar som utviding av talet på elevar». Rådmannen viser til «prinsippet om at det må vera forholdsmessigheit mellom godkjenningsplikta sitt omfang og dei helsemessige omsyna som grunngjev godkjenningsplikta». Denne vurderinga gjeld for mindre endringar av bygningsmessige tilhøve, ikkje stor endring i driftsform – og er difor ikkje aktuell i denne samanheng. Me konstaterer i tillegg at rådmannen skriv at fleire elevar ikkje «burde» vera til hinder for ny godkjenning – altså er det ikkje avklart. Rådmannen skriv at det ikkje er sett tal på elevar i løyvet. Dette er i strid med forskrifta (§ 6 femte ledd): «Det må fremgå hvor mange barn/elever og ansatte virksomheten er beregnet for». Me undrast også over kvifor rådmannen ikkje har drøfta forskrifta tidlegare i prosessen, når den er svært relevant for dei folkevalde sine vurderingar.
- Rådmannen «legg til grunn» at skyssreglementet er styrande for skuleskyssen. Dette er ikkje godt nok for dei enkeltelevane som kjem over den grensa som norma set for forsvarleg skuleveg, og det kan ikkje vera godt nok for kommunestyret i denne saka. Dette er eit viktig grunnlag for vedtaket, og kan ikkje greiast ut i etterkant!
- Rådmannen har ikkje kommentert startpakka for reguleringsplanar. Sveio kommune har sjølv bestemt at avstand og tilgang til skule og skulekapasitet er viktig for vurdering av nye planinitiativ. Med lang avstand og full skule i Førde vil dette gjera det vanskelegare å koma med nye planinitiativ.
- Rådmannen er i ei villfaring om at det ikkje er krav til utgreiing av vedtak som gjeld eigedomsmassen. Dette er feil.
- Rådmannen har ikkje kommentert at Helsedirektoratet meiner det bør vera minst 10 000 m2 uteareal ved ny godkjenning av skular med fleire enn 100 elevar.
- Me registrerer også at det for første gang i prosessen kjem fram korleis årstrinna skal fordelast i klasserom ved Førde skule. Er dei folkevalde komfortable med gruppestorleik på 29 elevar i barnetrinnet i Sveio kommune? Det er dette rådmannen legg opp til etter vedtak om nedlegging av Auklandshamn og Valestrand, eller «samanslåing» – som han skriv på nyspråk.
- Det har ikkje tidlegare vore kjent at rådmannen vurderer midlertidige ordningar for skuleskyss første hausten.
Kjære alle folkevalde: Ved å oppretthalda dei fem gode skulane våre er de på trygg grunn når de skal vedta denne viktige saka for alle i Sveio kommune.
Marryel H. Velde og Håvard Tvedte
FAU-representantar for Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter