meiningar
Pandemisk skulesamanslåing i Sveio kommune
Dei siste dagane harnyheitsbiletet vore prega av rådmannen sitt forslag om endra skulestruktur i Sveio kommune, og avgjerda til Hovudutval for Oppvekst og Kultur (HOK) der fire av sju politikarar gjekk for ei nedlegging av Valestrand oppvekstsenter og Auklandshamn skule. Det har og vore prega av den pågåande pandemien, og større utbrot av den meir smittsame varianten av SARS covid-19 over heile Haugalandet – også i vetle Sveio.
Det er vanskeleg å fatte kva rådmann Jostein Førre og Sveio kommune eigentleg har på agendaen sidan dei har så hastverk med å fatte vedtak om ei samanslåing, der tre mindre skular vert om til ein større med om lag 183 elevar. Elevane kjem frå eit spreidd geografisk område, med pendlande føresette. Blir det smitteutbrot her snakkar me store konsekvensar for heile Sunnhordland- og Haugalandsregionen, noko ein kan forvente når ein ser kva ei veke med vinterferie har ført til av smitteutbrot. Forslaget er nemleg at nedlegginga er gjeldande frå hausten 2021 – og kva vil ein sommarferie bringe med seg av nye mutantar frå verda?
Overgangen er ikkje like lett for alle, og korleis har skuleeigar tenkt å ivareta 183 elevar og deira føresette i ein kvardag der smittevern er på dagsorden 24/7?
Siste året har vore annleis for alle, ikkje minst for borna våre som har hatt mindre kontakt med nær familie og vener som ikkje er i same kohort. 5-åringar over heile landet gler og gruar seg til å starte i 1. klasse. Overgangen er ikkje like lett for alle, og korleis har skuleeigar tenkt å ivareta 183 elevar og deira føresette i ein kvardag der smittevern er på dagsorden 24/7? I kva grad er det mogleg å besøkje skulen og bli kjende med nye lærarar og andre tilsette? Det er mange spørsmål som heng i lause lufta, og lite rom for samarbeide med kommunen på grunn av pågåande restriksjonar grunna pandemien.
På Valestrand oppvekstsenter er denne overgangen nøye planlagt og ivaretatt allereie. Barnehage, skule og SFO er i same bygg, og «alle kjenner alle». Når ein høyrde på saka om SFO som og var på agendaen til HOK, kjem det fram at dei er særs lite opplyst om korleis den allereie eksisterande skulestrukturen er. Leiar Halleraker (Ap) sa at han ynskja at innbyggjarane i Sveio kommune skulle bruke SFO til sine born i større grad – veit ikkje Halleraker at det er fire og ikkje tre skular som har SFO tilbod i Sveio? Det er SFO på Valestrand oppvekstsenter og, ein kan faktisk undre seg om dei frå sentrum ikkje veit nok om nordre del av kommunen til å vere med på å ta ei slik viktig avgjerd om framtidig skulestruktur – som skal opp i formannskapsmøtet 22. mars. Ein kunne i det minste forvente at skulesjefen som og deltok på HOK-møtet satt inne med denne kunnskapen. Får håpe formannsskapet er betre opplyste på saka, og bruker mindre grad av hersketeknikkar.
Framtidig skulestruktur – ei sak for neste kommuneval?Kan hende pandemien roar seg ned til neste kommuneval, og denne debatten er meir realistisk då? Det hadde uansett vore meir demokratisk å vente med denne avgjerda til dess – så kan dei politiske partia som ønskjer skulenedlegging ta det med i partiprogrammet sitt som ei val-sak! Å bidra til konfliktar og strid i ein kommune gagnar ingen, og ei ordentleg saksgong er å forvente. Eller har Sveio kommune med sine folkevalde politikarar og uavhengige gløymt ut kva eit demokrati er?
Anne Lise Økland
Frustrert sjukepleiar og forelder til tre born i Valestrandkrinsen