meiningar

demonstrasjon skule skulenedleggjing engasjement skulestruktur8. mars 2021 kommunehuset
Frå demonstrasjonen utanfor kommunehuset 8. mars 2021.

Om kvalitet i skulestruktur

Måndag møtte skulepolitikarane i kommunen til første behandling av skulesaka. Dei fleste sa i møtet at kvalitet var det viktigaste for dei i denne saka. Det høyrest lurt ut. Så sa fleire at dei trudde det blei betre kvalitet med litt større skular.

Det er lov å tru, men når det gjeld kvalitet så bør dei sjå på den saka dei har fått til politisk behandling: Ingenting der tilseier at det er dårlegare eller betre kvalitet på større enn mindre skular, og motsett.

Det sakspapira deira derimot slår fast er at det ikkje er plass til alle elevar i Førde. Og i møtet på måndag stadfesta kommunen at dei heller ikkje skulle gjera noko i år for å bygga ut kapasiteten i Førde.

Det betyr at 183 elevar i august skal begynna på ein skule med plass til 168 elevar. Det står i saka. Og det vitnar ikkje om kvalitet. I tillegg slår saka fast at betydeleg auke i skuleskyss er svært uheldig for kvaliteten på elevane sine skulekvardagar.

Dette stemte fleirtalet for på møtet måndag. Det er lov å forventa betre kvalitet i kommunestyret sitt vedtak.

Jofrid Valen og Jarle Møllerhaug

Powered by Labrador CMS