meiningar

Kommunehuset i Sveio.
Kommunehuset i Sveio.

Nytt budsjett for Sveio kommune 2022

I samband med statsbudsjettet, har regjeringa sytt for at Sveio kommune får om lag kroner 2,9 millionar meir å rutte med for 2022. Det skulle då berre mangle om ikkje dette kom innbyggjarane direkte til gode. Dette har Sveio AP i lag med resten av posisjonen sytt for.

Vi er stolte over å kunne presentere eit kommunebudsjett for 2022 som både viser forsvarleg økonomistyring, samstundes som at vi kan prioritere dei områda som vi veit betyr mykje for innbyggjarane.

Mellom anna har vi eit sterkt fokus på skule, kor budsjettet blir styrka med kroner 1 million i høve rådmannen sitt framlegg. Fokuset på skule gjeld ikkje berre reine driftsmidlar. Vi har også fokus på uteområdet ved Førde skule kor det har blitt vedteke eit kommunalt tilskot på kroner 500.000,-. I tillegg kjem då både kompensasjon for meirverdiavgift og tippemidlar. I tillegg til dette vil vi også vise til vårt ynskje om å etablere nærmiljøanlegg og sosiale møteplassar i dei ulike krinsane i kommunen, og ha fokus på lyssetting slik at møteplassane kan nyttast heile året. Dette skal vere eit viktig bidrag til auka aktivitet, folkehelse og attraktive lokalsamfunn. Arbeidet skal skje i tett samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.

Vårt budsjett har i det heile eit sterkt fokus på folkehelse og trivsel og med omsut for dei som treng hjelp mest. Mellom anna ynskjer vi å sjå på fysioterapibehovet i kommunen, vi vil behalda det kommunale tilbodet om varmtvannbasseng på Revmatismesjukehuset i Haugesund, tilrettelegge for å utvida nettverk av turstiar, og ikkje minst etablere helsestasjon for eldre.

Vi har også eit sterkt fokus på at Sveio kommune skal vere ein reell Ja-kommune. Vi har sett dato for når ny delplan for Sveio sentrum og ny kommuneplan skal vera ferdigstilt, og vi har bestilt ei kartlegging av eksisterande attraktive bustadområder i kommunen, samt planar for nye.

Til slutt vil vi nemne fokus på trafikksikring. Sveio AP har i lag med resten av posisjonen hatt sterkt fokus på trafikksikring. Dette arbeidet vil vi halde fram med, og vi styrkar dette prosjektet med ytterlegare kroner 250.000,- for 2022. I samband med vårt fokus på trafikksikring, vil vi også vise til arbeidet med på få på plass ei ny vegutløysing for Solheimslia i Førde. Dette arbeidet vil vi no intensivere.

Sveio AP i lag med resten av posisjonen vil være konstruktive og positive i vidare utvikling av Sveio kommune. Sveio kommune leverer bra på tenester, og vår oppgåve er berre å gjera dette endå betre. Sveio kommune har hatt ei flott utvikling over lang tid, og vi vil arbeide hardt for at den positive utviklinga skal halde fram. Budsjettvedtaket i sin heilskap er å finne på kommunen sine heimesider.

God jul og godt nyttår til alle i Sveio kommune.

Håkon Johnsen Skimmeland
Sveio AP

Powered by Labrador CMS