meiningar

Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.
Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.

Nytt badeanlegg og ny idrettshall i Sveio

Kommunestyret i Sveio kommune vedtok i møte måndag 21. februar å halde fram med arbeid med nytt badeanlegg i Sveio. Vedtaket heng saman med vedteken reguleringsplan for nytt badeanlegg, ny idrettshall, samt betring av infrastrukturen ved sentralidrettsanlegget med fokus på trafikktryggleik og parkeringsplassar.

Sveio AP er svært nøgd med å få sterk støtte for sitt syn i sak om badeanlegg.  Sveio AP får ikkje berre støtte frå resten av posisjonen, men også sterk støtte frå opposisjonen.  Vedtaket var altså resultat at ei tverrpolitisk semje, kor politikarar frå både posisjonen og opposisjonen har arbeidd godt og konstruktivt.  La oss håpe dette kan danne grunnlag for eit betre samarbeid mellom partigruppene i kommunestyret i framtida.  For Sveio AP viser dette kor viktig det er å klare å stå på over tid skal ein komme i mål med slike store prosjekt.

Vi må erkjenne at store investeringsprosjekt treng modning, og ein må snu alle steinar for å sikra eit solid avgjerdsgrunnlag. Driftskostnadene har representert ei uro. Med det vedtaket som no er gjort, er det mindre grunn til uro. Så må vi samstundes understreke at nytt badeanlegg også skal være eit skuleanlegg. Med andre ord representerer investeringa eit viktig bidrag til skuleelevane våre.

Sveio AP er oppteken av å få fullført fleire store investeringsprosjekt rundt i kommunen. Det er fleire som som står på trappene. Dette omfattar mellom anna både ny Rophusveg, ny kommunal barnehage i Sveio sentrum som er under full planlegging, ny brannstasjon kor ein snart skal få sendt ut anbodspapira, trafikksikring og utbygging av breidband. I tillegg kjem arbeid med ny sentrumsplan og ny kommuneplan. Med det positive vedtaket kommunestyret gjorde måndag, skulle det no vere lagt til rette for at kommunestyret skal komme godt i mål med alle desse sakene.

Sveio AP

Håkon Johnsen Skimmeland

Leiar

Powered by Labrador CMS