Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
meiningar
Ny Sveio barnehage viser vilje til vekst og vilje til å skape ei tru på framtida
I saka om å byggje ny Sveio barnehage manglar diverre Sveio Høgre, Sveio Sp og Sveio KrF noko av denne truverda. I så måte står Sveio KrF seg best, for dei har trass alt signalisert motstand mot å byggje ny Sveio barnehage heile tida, og det er ei ærleg sak. Sveio Sp kjem også godt ut av det når dei kastar korta og viser sitt rette DNA. Der i garden verkar det som om filosofien er at det meste som skjer i sentrum av Sveio er noko som ein må kjempe mot med nebb og klør. Det er også ei ærleg sak som er lett å forhalda seg til.
Politikk handlar om truverd.
Utan at ein kjenner dei indre mekanismane i Sveio Høgre, kan det verke som om Sveio Høgre står i ein kolossal spagat der ein ynskjer å prioritere både i pose og sekk. Dei skal tekkja ulike interesser i bygdene samstundes som dei ynskjer å opptre som positive til planar, vedtak, prosjekt og eit unemneleg tal på prosessar med fokus på ulike tiltak i sentrum som av ein eller annan mystisk grunn sjeldan blir noko av.
Merkeleg nok havarerer ofte desse prosjekta på oppløpssida når uendelege timar med saksførebuing er brukt og det er dags for å sende papira ut på anbod. Nei, då trekkjer ein i bremsa og finn ymse grunnar til å gå imot ei konkret realisering, anten det er nytt badeanlegg / symjeanlegg, nyskapande aktivitetsanlegg som føreslått av rådmannen, ny idrettshall / fotballhall og no sist ny kommunal barnehage i sentrum.
Sveio Høgre har sjeldan vore i førarsetet som ein aktiv pådrivarar for slike prosjekt, og nett no er dei mest opptatt av å køyre igjennom ein ny kommuneplan. Det er vel og bra, men ein skulle håpe på at ein kan ha fleire tankar i hovudet samstundes, og vere eit offensivt og positivt parti til å løfte store og gode investeringsprosjekt i sentrum av Sveio.
No er det heldigvis tverrpolitisk semje om å prosjektere eit heilt naudsynt helsehus i sentrum, der Sveio Høgre heldigvis er med, og det er svært gledeleg. Det er likevel grunnar til ikkje å forskotere noko. Hugs at dette enda er tidleg i prosessen og då er Høgre ofte positive, heilt til det skal gjerast forpliktande vedtak som fører til ei konkret bygging og forpliktande finansiering.
I denne siste saka om ein ny Sveio barnehage finn Sveio Høgre, og deira støttespelarar, denne gongen store og farlege kapitalkostnadar som vil bli vanskelege å handtera i framtida. Ein må vere forsiktig med å investere for mykje, er omkvedet. I fjor fekk rådmannen fleirtal, mot mellom anna Tverrpolitisk Fellesliste sine stemmer, i oppdrag å avslutte prosjektet med badeanlegg, og kvitte seg med lån til badeanlegg / symjeanlegg som allereie var tatt opp. Eit resultat av dette er at me no har ei gjeldsgrad som er svært handterbar i høve både drift og investeringar i kommunen. Dette gir rom for å satse på viktige og naudsynte prosjekt som ein ny Sveio barnehage.
Tar ein utgangspunkt i ein særs nøktern rådmann sitt framlegg til budsjett for 2026 og den vidare økonomiplanen, finn rådmannen heldigvis rom for å bake ny kommunal barnehage inn i budsjettet for dei neste åra, og det gir Høgre, Sp og Krf sin argumentasjon i høve økonomi eit lite truverdig skjær.
Det er difor ingen grunn til å skremme med økonomiske farar som kan lure og råke oss negativt inn i framtida. Me må ha tru på ei lys framtid for Sveio og Norge, for elles blir alt svart og dystert og heller ikkje nøkternt. Klart at ein kan halde på Onkel Skrue sin pengesekk inn i framtida, men då vil det heller ikkje skje noko utvikling og positive ringverknadar for Sveio.
Tverrpolitisk Fellesliste har stemt for å byggje ny Sveio barnehage heilt i frå starten av då me fekk eit mandat frå veljarane. Det er fordi me har tru på samarbeid og tverrpolitiske prosjekt saman med andre som også vil skape og realisere noko.
Sveio må ha visjonar for å kome seg inn i framtida på ein god måte, og for å overleve som ein eigen kommune treng me eit sterkt sentrum som kan vere attraktivt for både nye og noverande ibuarar i Sveio. Då må me tilby kvalitet i tenestene til både dei unge og eldre som bur i Sveio.
Tverrpolitisk fellesliste heiar både på eit nytt helsehus og ein ny kommunal barnehage i sentrum. Ikkje fordi det er kjekt å ha, men fordi det er heilt naudsynt for å trygge Sveio inn i framtida. Me vonar at Ordføraren og Sveio Høgre også kan einast om desse tankane midt i desember når budsjettet for 2026 skal settlast.
Asle G. Halleraker og John Anders Semb
Tverrpolitisk Fellesliste