meiningar

Førde skule, august 2020. Illustrasjonsfoto.
Førde skule, august 2020. Illustrasjonsfoto.

Ny skulestruktur for Sveioskulen til det beste for alle elevane

Etter 14 år i lokalpolitikken er det ein ting eg har lært: Det er ingen andre saker som engasjerer så mykje som debatt om skulestruktur. Dette skuldast ikkje minst dei sterke kjenslene som innbyggjarar kan ha for sin skule, i tillegg til uro for bygda si framtid.

Eg personleg vil gå for samanslåing av Førde, Valestrand og Auklandshamn skule. Dette meiner eg vil vere den beste løysinga for elevane. 

Saka handlar om skuleelevane og deira læringsmiljø. Som min partikollega Ingrid Furdal uttala i

Håkon Johnsen Skimmeland, Sveio Ap.

HOK sitt møte den 8. mars d.å.: «I mitt hovud handlar det først og fremst om læringsmiljø og kvalitet i skulen.»  Eg støttar meg også til det min partikollega Maren Kristine Lye Bårdsen skriv i sitt lesarinnlegg til støtte for slik samanslåing: «Dette vil gjøre Sveioskolene best rustet for framtiden, og sørge for et meir samsvarende tilbod til ALLE elevene i kommunen, samt styrke skolesektorens kompetanse og kvalitet.»

Dette er altså det saka bør handle om. Eg registrerer likevel at debatten i ulike media har vel så mykje fokus på andre forhold. Dette gjeld i første rekke frykt for negativ utvikling i bygdene Valestrand og Auklandshamn. Dette meiner eg bestemt det er mindre grunn til å frykte. Begge desse flotte bygdene imponerer med eit stort engasjement både blant innbyggjarane generelt, og blant dei frivillige laga spesielt. Kommunens oppgåve er å legge forholda til rette for slik aktivitet. 

Begge desse flotte bygdene imponerer med eit stort engasjement både blant innbyggjarane generelt, og blant dei frivillige laga spesielt.

Det viktigaste er likevel ressursen som enkeltmenneska i bygdene representerer. Kommuneplanen er kommunens  – og med det dei enkelte bygdene sitt viktigaste reiskap for utvikling. Dagens kommuneplan inneheld store område sett av til bustadføremål både i Valestrand og Auklandshamn. I tillegg kjem fleire område kor det er høve til såkalla spreidd busetnad i LNF-område. I desse områda har grunneigarar åleine – eller i lag med byggefirma – høve til å utvikle nye område for bustadbygging.  Dette må vi ta med oss no som ny kommuneplan skal utarbeidast.

Mellom anna har ein i HTN vist til Valestrand bygdelag sitt moglegheitsstudie av Valevåg. Her må politikarane forsøke å utarbeide kommuneplanen slik at bygdas visjonar faktisk kan bli gjennomført – og då uavhengig av ein skule. Kommunens støtte til Liv og lyst-prosjektet i Valestrand bygdelag, søknad om midlar for stadutvikling av Førde, betydelege midlar til trafikksikring og ynskje om utvikling av nærmiljøanlegg i dei enkelte krinsane er andre eksempel.  Det skal i tillegg nemnast at kommunen har vedteke fleire reguleringsplanar i desse krinsane dei siste åra, og kommunen er kome godt i gang med eit større prosjekt som går ut på å marknadsføre Sveio som bukommune.

Slik samfunnet har utvikla seg, må vi innsjå at vi ikkje vil oppleve nokon byggeboom verken i Valestrand eller Auklandshamn. Her vil bygging av nye bustadhus og tilflytting skje på det jamne, og på bygdas eigne premiss. Signala frå innbyggjarane er klåre nok: Ein ynskjer bygging av einebustader med større tomt, nær naturen og utan at bygda blir utvikla til ein tettstad. Dette vil kommunen kunne legge til rette for gjennom kommuneplanen. Konsekvensen vil då samstundes bli at det ikkje vil være eit elevgrunnlag stort nok til å ha eigen skule. Eg både ynskjer og trur på utvikling av Valestrand og Auklandshamn, men skulesaka har overtydd meg om at ei samanslåing vil vere det rette, sjølv om elevgrunnlaget hadde vore større enn det er i dag. 

Men som nemnd ovanfor, handlar sak om skulestruktur om skuleelevane og deira læringsmiljø.  Bygdeutvikling må vi jobbe med uavhengig av skule, og då med fokus på dei kvalitetane dei enkelte bygdene i kommunen vår representerer elles. Også utfordringar med skuleskyss må ein arbeide med uavhengig av sak om skule. At økonomi ikkje skal være avgjerande for saka, var allereie bestemt før rådmannen kom med si innstilling. Skulesektoren krev alltid store ressursar.  Spørsmålet er ikkje kva ein kan spare på skulesamanslåing, men korleis ein best kan bruke dei midlane vi har til beste for alle elevane.     

At økonomi ikkje skal være avgjerande for saka, var allereie bestemt før rådmannen kom med si innstilling.

Det er ikkje uvanleg at debatten rundt ei sak som vekker sterke kjensler i for stor grad retter fokuset mot forhold som i mindre grad bør bli avgjerande for det endelege vedtaket i saka. Det som likevel uroar meg meir, er når vi no ser at debatten byrjar å gå i retning av personangrep.  Dette blir ei rein avsporing som ikkje gagnar saka, verken for dei som går inn for eller i mot skulesamanslåing. I tillegg representerer det eit angrep på lokaldemokratiet vårt og på samhaldet mellom innbyggjarane i kommunen vår. Det er viktig at vi behandlar kvarandre med respekt, og at det er aksept for at vi kan ha ulike standpunkt i ei så vanskeleg sak.

Håkon J. Skimmeland
Sveio Ap

Powered by Labrador CMS