meiningar

Når kapitalen flyttar ut, følgjer gjerne kompetansen etter, skriv Liv Kari Eskeland og André Mundal Haukås. Arkivfoto: Morten Vågset Møller / Privat
Når kapitalen flyttar ut, følgjer gjerne kompetansen etter, skriv Liv Kari Eskeland og André Mundal Haukås.

«Noreg treng fleire lokale eigarar – ikkje færre»

Lesarbrev

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til tips@vestavind-sveio.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

t i stor grad bygd på familieeigde små og mellomstore verksemder innan oppdrett, landbruk, bygg og tenesteyting. Desse verksemdene er bygd opp av generasjonar som gjennom arbeid og risiko har bygd stein på stein og etterkvart blitt små bedrifter med nokre tilsette. Det er desse som utgjer grunnfjellet av næringslivet vårt.

I Sveio og Sunnhordland er næringslive

Når Støre-regjeringa nesten har dobla formueskatten dei siste åra, er det ikkje dei såkalla rikaste som blir ramma. Dei som vert hardast ramma er desse små og mellomstore bedriftene. Desse som er limet i lokalsamfunna – også her i Sveio. Og med det vert evna til å følje med i tida, skaffa seg nytt utstyr og heva kompetansen til dei tilsette svekka. Då går konkurranseevna ned og marginane vert spist opp.

Den norske eigarbeskattinga har aldri vore høgare enn no. Formueskatten auka frå 18,1 milliardar kroner i 2021 til 33,2 milliardar kroner i 2024, samstundes har utbytteskatten vorte kraftig oppjustert og auka med om lag 12 milliardar kroner.

Venstresida snakkar ofte om «dei rike» som om rik er eit skjellsord. Men dei som har skapt og bygd opp arbeidsplassar er ikkje fiendar – dei er ein føresetnad for at små lokalsamfunn som vårt skal leve vidare. Utan lokale eigarar som satsar, får me ikkje nye arbeidsplassar i bygdene.

Det er lett å få inntrykk av at formueskatten berre er ei sak for toppane på skattelista, men dette er også ei noko som råkar heilt vanlege folk, som ein aldri vil sjå høgast på inntektslistene. Det kan vere arvingar som har fått ein aksjepost i eit lokalt familieeigd selskap, men som ikkje har likvide pengar til å betale formueskatten. Då kan dei bli tvungne til å selje seg ut av selskapet – og me mistar det lokale eigarskapet til utanlandske investorar, investorar som ikkje har tilknyting til lokalmiljøet, og som ikkje ser verdien av å støtta opp om lokale lag og organisasjonar.

Dette skjer no, rett framom augene våre. For det som er så blodig urettvist er at det er berre norske eigarar som må betale denne formuesskatten, ikkje utanlandske eigarar. Det medfører at norske eigarar vert eit åk for verksemda si. At det berre er vi på borgarleg side som reagerer på dette er uforståeleg.

Når kapitalen flyttar ut, følgjer gjerne kompetansen etter. Etter skatteskjerpingane i 2022 og 2023 har over 80 formuande nordmenn flytta til Sveits og teke med seg over 50 milliardar kroner. Men det er ikkje berre pengar som forsvinn. Forskingsmiljø ved NHH har åtvara om at Noreg kan stå i fare for eit «braindrain», der gründerar og investorar med idear og kunnskap flyttar ut for å unngå norsk eigarskatt. Dette kan gjere at me svekkar innovasjonen i landet vårt, og hemmar både framtidige skaparkraft.

For små lokalsamfunn som Sveio kan dette slå ekstra hardt: dersom ein gründer vel å flytte ut før bedrifta får fotfeste, mistar me ikkje berre investeringar – me mistar nye arbeidsplassar og framtidige hjørnesteinsverksemder.

Desse vert hardast råka når eigarar må ta ut store utbytte frå selskapa for å betala formueskatt – pengar som elles kunne gått til å investere i fleire arbeidsplassar, betre utstyr og vidare utvikling.

Me i Høgre vil halvere formueskatten på arbeidande kapital som første steg mot å avvikle denne skadelege skatten. Dette er anbefalt både av OECD og Skatteutvalet. Me må gjere Noreg attraktivt for både kapital og kompetanse – for det er verdiskaping som finansierer velferdsstaten vår.

Morgondagens velferd avheng av verdiane me skapar i dag. I mindre kommunar som Sveio er me heilt avhengige av lokale eigarar – både dei store og dei små – som engasjerer seg, investerer og byggjer opp under lokalsamfunnet. Formueskatten driv desse bort. Det har verken Sveio eller landet råd til.

Liv Kari Eskeland – stortingskandidat Høgre
André Mundal Haukås – Sveio Høgre

Powered by Labrador CMS