Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
meiningar
No må politikarane stå løpet ut – me treng ny barnehage!
i Sveio kommunale barnehage vil me koma med ei klar og tydeleg melding:
På vegner av dei tilsette
Ny barnehage er vedtatt – no må politikarane fullføra arbeidet.
I meir enn ti år har Sveio kommune sjølv dokumentert at dagens barnehagebygg er for gammalt, lite funksjonelt og ikkje tilpassa dei krava som i dag blir stilte til tryggleik, arbeidsmiljø og pedagogisk verksemd. Dette er ikkje påstandar frå oss som arbeider i barnehagen – det kjem tydeleg fram i politisk vedtekne planar, årsrapportar og økonomiplanar.
Allereie i 2016 vart Sveio barnehage omtalt som eit gamalt og lite eigna bygg, der ny barnehage vart peikt på som den beste løysinga. I årsrapportane for 2020 og 2021 blir det slått fast at barnehagen har eit prekært behov for nytt bygg, og at oppgraderingar berre kan vera mellombelse tiltak.
Statsforvaltaren peika i 2022 på at investering i ny barnehage lenge har lege inne i kommunen sine langsiktige planar. I 2022, 2023 og 2024 omtalar kommunen sjølv barnehagen som sliten, lite energieffektiv og med låg brukartilfredsheit, noko som tydeleg understrekar behovet for framdrift i nybygg.
Samstundes har både politiske parti, foreldregrupper, fagmiljø og fleire lesarinnlegg i Vestavind peikt på det same:
Barna i Sveio fortener ein barnehage som er trygg, moderne og tilpassa dagens behov.
Dette handlar ikkje om luksus. Det handlar om kvardagen til barna – og om arbeidsmiljøet til dei som kvar dag står i front for å skapa tryggleik, læring og omsorg. Dagens bygg har store utfordringar knytt til støy, ventilasjon, tronge løysingar, garderobar, uteområde, energibruk og parkering. Me har strekt oss langt for å få dette til å fungera, men no er grensene nådde.
Ein ny barnehage vil gi:
- betre tryggleik for barna
- betre rammer for leik og læring
- betre arbeidsvilkår for dei tilsette
- lågare kostnader til drift og vedlikehald
Og ikkje minst ei framtidsretta løysing for heile Sveio.
Difor ber me politikarane om dette:
- Stå ved vedtaket. Godkjenn reguleringsplanen. Fullfør prosjektet.
- Dette er ei investering i barna våre, i arbeidsmiljøet og i kommunen si evne til å leggja til rette for gode oppvekstvilkår.
- Sveio barnehage treng eit nytt bygg – og tida er no.
Aud Nilsen – Emilie Tjoflot – Hilde Lønning
Pedagogiske leiarar i Sveio barnehage