meiningar

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

No er det opp til Stortinget

Etter brotet i jordbrukstingingane er forhandlingane flytta til der dei eigentleg høyrer heime. Det er Stortinget som set rammer og lagar målsettingar for norsk jord- og matpolitikk.

Då er det også på tide at dei legg rammene og lagar eit virkemiddelsystem som kan bidra til å oppfylle sine eigne målsettingar. Om matvaretryggleik, landbruk over heile landet, bærekraft og verdiskaping. Og ikkje berre utvikle kreativiteten i flotte formuleringar, og halde fast på eit talmateriale som ikkje stemmer med verkelegheita.

Litt fakta frå mitt fylke:

  • Siste tilgjenglege tal frå Driftsgranskingane (haust 2020) syner at vestlandsbonden i snitt hadde ei årsverksinntekt på kr. 276.300, ein nedgang på 23.300 frå året før.
  • Nibio sine tal viser at 22 % av jordbruksarealet er ute av drift. Og utmarksressursane blir dårleg nytta.
  • 70% av mjølkebruka på Vestlandet har enno ikkje våga å investere i statleg krav om lausdrift. Dårlig lønsemd og stor gjeld, høyrer ikkje saman, tenkjer dei nok.
  • Nedgangen i antal bønder og tal bruk held fram.
  • I jaget etter meir og meir effektiv produksjon, har me fullstendig mista perspektiv.

Jordbruk er uløyseleg knytt til bruk av jord. Norsk jordbrukspolitikk handlar om bruk av jord i Norge. For å få det til må det bli lønsamt å bruke dei knappe jordressursane me har i landet (i underkant av 3% av landarealet). Og ikkje slik me har blitt stimulert til, å bruke meir og meir jordareal i andre land.

Bondeopprøret, som til no har samla over 40.000 underskrifter, er eit krav om likeverd med andre grupper i samfunnet. I tillegg handlar det om eit talmateriale som ingen kjenner seg igjen i. Det handlar også om svik  – etter å ha blitt oppfordra til å satse, sit ein att med stor gjeld, fallande prisar, auka kostnadar og eit enormt arbeidspress året rundt.

Men for samfunnet og Stortinget bør det også handle om kva retning jordbruket utviklar seg i. I ei uroleg verd blir det enda viktigare for alle med sikkerheit for nok og trygg mat, mest mogleg basert på norske ressursar.

Slik blir det ikkje om denne utviklinga får halde fram. Stortingspolitikarar må ta stilling til det saka handlar om, å nå sine eigne målsettingar om  norsk jord- og matproduksjon. Ikkje om å skape fleirtall og ro i regjeringa.

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag
Leif Grutle

Powered by Labrador CMS