meiningar

Laila Vikse Lie
Lesarinnlegg frå: Laila Vikse Lie.

Mangt har blitt skrive og mangt har blitt sagt

Lesarbrev

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til tips@vestavind-sveio.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Og eg kan forstå alle som vil ha legekontoret i Førde. Det som eg forsto og har lese, er at me likevel kunne køyre litt lenger, me måtte jo køyre bil. Litt frå eller til gjer ikkje så mykje, det meiner eg og. Men eg tenkjer her kan me snu på flisa, det er like langt frå Førde til Sveio som frå Sveio til Førde. Kvifor ikkje leggje helsehuset i Førde?

Førde ligg geografisk midt i Sveio kommune! Eg har møtt mange på legekontoret i Førde frå søra Sveio og lenger sør.

Eg kan forstå argumenta til legene som vil ha ein betre kvardag og breiare fagmiljø. Og økonomisk, det er dyrt å bestille legetenester frå bemanningsselskap. Men kvifor skal det alltid gå utover dei som bur nordom Haukås krysset? Håpar dette og kan belysast godt i kommunestyret før sommaren.

Me har ein hovudstad – Oslo – der mange direktorat og liknande har ligge. Med god vilje og evne har fleire av desse vorte flytta ut av hovudstaden, med stort hell. Godt døme på dette er blant anna Sjøfartsdirektoratet. Dette vart gjort for å styrka «utkant» Norge. Det same gjeld Sveio: Det gjeld å styrke bygdene, som elles kjem til å bli utarma.

Laila Vikse Lie 
Valevåg
Powered by Labrador CMS