Me bur i ein kommune som har vilje til vekst og levande bygder som mål. Det var difor gledeleg å sist veke lesa om prosjektet som kommunen no startar for å styrka overgangen mellom barnehage og skule. Heile 3,7 millionar kroner har Sveio fått til arbeidet. Godt jobba!
I Valestrand har me lenge sett fordelane av å legga trygt til rette for denne overgangen i den gode samdrifta mellom barnehage og skule i eit oppvekstsenter. Å samanlikna effektane frå dette gjennom eit slikt kommunalt prosjekt hadde jo vore strålande!
Men dagen etter gladmeldinga kom sjokkbeskjeden: kommunen føreslår å legga ned skulen i Valestrand. Den forventa innsparinga er ingenting samanlikna med tilskotet dei har fått til å styrka overgangen frå barnehage til skule. Som skulebruksplanen også får fram: den gode overgangen frå barnehage til skule skjer ikkje gjennom lang skulebusstransport. Men det er det som no blir første resultat i det nye prosjektet.
Kva er dette hastverket for noko? I det pågåande «Liv og lyst»-prosjektet i Valestrand hadde me nyleg møte med kommunen om nærmiljøskulen som viktig grunnlag for å utvikla ei levande og vekstkraftig bygd. Her er me også i god dialog med leiande fagmiljø på Høgskulen på Vestlandet om å få i gang ulike prosjekt som kan bygga kunnskap rundt det unike samspelet mellom skulen og lokalsamfunnet.
Som underlagsrapporten for skulebruksplanen også viser: Valestrand er særleg attraktivt for barnefamiliar på grunn av nærleiken til Stord og regionen rundt. Det bør utnyttast mykje betre. Og det jobbar me aktivt med gjennom samarbeidet i Liv og lyst-satsinga vår. Dette treårige prosjektet, som er støtta av både Sveio kommune og Vestland fylke med midlar, har kome godt i gang. Nyleg presenterte me ei moglegheitsstudie som presenterer både visjonære og konkrete grep for å skapa gode bumiljø og næringsutvikling i nord.
Svaret frå kommunen er derimot å legga ned skulen vår, før samarbeidsprosjektet vårt er gjennomført. Det kortsluttar heile bygdeutviklingsarbeidet me har begynt på. No set me vår lit til at politikarane i kommunen får orden på denne prosessen. Og alle i kommunestyret er velkomen til å møta oss i Valestrand. Me står klare til å presentera idear som vil utvikla den nordlege delen i kommunen vår både på kort og lengre sikt.
Kristine Bhargava og Kjartan Eidsvåg