meiningar
«Litteratur og kultur skaper leseglede. La oss satse vidare!»
Gjennom 2024 har Sveio hatt ei rekkje flotte litteratur- og kulturarrangement som har inspirert barn og unge til å lese meir. Frå Sommarlesfest til Litteraturbåten Epos, og forfattarbesøk av kjente namn som Vegard Markhus og Maria Parr, har desse tiltaka skapt engasjement og gode litteraturopplevingar i lokalsamfunnet vårt.
Sveio Arbeiderparti er svært fornøgd med at vårt forslag i kommunestyret om å satse på slike arrangement fekk fleirtal. Resultatet har vore inspirerande! Desse tiltaka bidreg ikkje berre til leseglede, men også til å styrke leseferdigheitene til barna våre, noko som er heilt nødvendig etter dei svake leseferdigheitsresultata for 5. klasse i Sveio.
Likevel er vi skuffa over at vi ikkje fekk gjennomslag for vårt forslag om ei ramme på 30 000 kroner til liknande tiltak i 2025. Vi meiner dette er ei viktig investering i framtida, og vi vil derfor prøve på nytt i revidert budsjett.
Leseglede og gode litteraturtilbod må vere ein prioritet i kommunen vår. Vi håpar på brei støtte for å sikre at 2025 blir eit minst like godt litteratur år for barn, unge og alle som er glade i bøker!
Sveio Arbeiderparti ved Kristian Haaland