I god tid før Nipaståvo i Auklandshamn vart offisielt opna av m.a. vår ordførar 8. juni i fjor, kontakta eg prosjektleiar for dagsturhyttebygging i Sveio kommune. Eg informerte om at den eine brua, «klopp» over ei lang myr, var såpass øydelagd at den kunne vera farleg for små og store turgåarar. Deretter foreslo eg å på eige initiativ ordna opp dersom Sveio kommune syntes det var greit. Eg la til at eg ville kontakta resten av styret i Sveio turlag med spørsmål om me kan ta kostnaden med nokre fjøler. Svaret eg fekk frå prosjektleiar var at eg ikkje trong å gjera noko, «for dette skal vi ordne selv».
I vinter då eit tynt lag snø dekka nemnde farlege hol, gjorde eg staden synleg for at ikkje nokon skulle koma til skade. Etter at Dagsturhytta vart sett opp har det vore stor slitasje på stien, og ikkje minst på dei to bruene. Gjennom åra har det vore skifta noko plank. Kven skal ta ansvar for ei oppgradering av farlege bruer når Sveio kommune – som trass alt er ansvarlege for Dagsturhytta- framleis ikkje finn det viktig nok å tenka sikkerheit?