meiningar

– I sist kommunestyremøte foreslo eg å gjeninnføra eigedomsskatten i Sveio kommune. Framlegget har sett sinna i kok. Skriv Olav Østebø Olsen i sitt lesarinnlegg. Foto: Morten Vågset Møller
– I sist kommunestyremøte foreslo eg å gjeninnføra eigedomsskatten i Sveio kommune. Framlegget har sett sinna i kok. Skriv Olav Østebø Olsen i sitt lesarinnlegg.

Kva skal kommunen med pengane våre?

I sist kommunestyremøte foreslo eg å gjeninnføra eigedomsskatten i Sveio kommune. Framlegget har sett sinna i kok. Mellom anna skriv valestrending Lars Andreassen i eit lesarinnlegg at framlegget gjer han «rasande». Debatten går òg friskt på facebook.

Eg er først og fremst glad for at nokon vil ha denne debatten med meg. I kommunestyret var det nemleg inga større interesse for nokon diskusjon. Eg var den einaste som tok ordet i saka, og framlegget mitt fall med berre 5 røyster mot 20. Sveibuen kan altså pusta letta ut! Men bør ein eigentleg det?

Me som møter i kommunestyresalen veit at det ikkje er noka direkte krise i kommuneøkonomien i dag. Men krisa er ikkje langt unna. Budsjettrammene gir lite rom for nye investeringar. Det er ikkje pengar til å vidareutvikla tenestetilbodet. Og på sikt må det kuttast, og kutta må komma i tenestane til barn og unge for å monna. At det òg vil gå hardast ut over bygdene, ligg i lufta. Med dagens kurs vil morgondagens kommune bli alt anna enn sosial eller rettferdig. Men i kommunestyret tar me likevel sak etter sak om dette «til vitande», fordi situasjonen ikkje er heilt kritisk enno.

Andreassen meiner det er feil om «folk flest» skal «ta rekninga for politiske feilgrep og prioriteringar».

Politikarane i Sveio er folk flest dei òg, som gjer frivillig arbeid for fellesskapet. Sjølv er eg ein småbarnsfar som nyleg har fått råd til å kjøpa min første bustad. Eg vil altså sjølv blir råka av den skatten som eg no tar til orde for å innføra. Men me får la det ligga no.

Det meir interessante spørsmålet er: Kva politiske feilgrep er det eigentleg snakk om?

Det siste året har me lagt alle  kommunens mest kostbare overskotsprosjekt på is. Draumen om svømmehall forblir ein draum. Vigdartun blir ikkje ombygd. Drifta er på fleire område redusert til eit minimum. Pengane me gir for å støtta tiltak i kulturlivet, idretten og bygdene, tar me frå sparepengane.

I den grad me kan snakka om nylege vedtak som i budsjettmessig forstand nok er feilgrep, kan ein nemna slikt som det å bevara dei minste skulane i kommunen, og vedtaket om å bygga ny brannstasjon i Førde. Men det er jo akkurat slike prioriteringar folk flest forventar av politikarane, og det heilt med rette!

Problemet er altså ikkje eigentleg at me sløsar med pengane. Problemet er at me ikkje vil handla før i siste liten, og at me i mellomtida er villige til å la velferdstilbodet stagnera. Som folkevalt vil eg heller vera med på å styrka og vidareutvikla tilbodet, men då må me finna pengar på budsjettet.

Å kutta noko i administrasjon er fornuftig, men ikkje tilstrekkeleg. Dei store pengane på budsjettet går uansett til drift og å levera tenestar. Ein organisasjon med 630 sysselsette krev faktisk ein god del administrasjon. Og sjølv om nokon held på med det somme vil kalla «papirflytting», er det meste av denne papirflyttinga lovpålagt. Kommunestyre aleine kan ikkje bestemma seg for å greia seg utan, det må skje på Stortinget.

Ein kan òg diskutera den økonomiske visdommen i dei sparetiltaka me allereie har gjennomført. Me driv nesten ikkje med vedlikehald av kommunale bygg lenger. Og typisk nok handla det einaste spareframlegget i sist møte om å spara pengar ved å ikkje gripa høvet til å bytta taket på eldste delen av Vikse skule når stillaset uansett skal opp. Dette er ein sparestrategi som mang ein huseigar har brent seg på.

Eg får til sist nemna noko eg og Andreassen likevel er hjartans einige i: Sveio kommune bør ikkje godta dei katastrofale planane om utbygging av ny firefeltstrasé til E39. Dette er eit natur- og menneskefiendtleg prosjekt, som gjer stor nok skade berre ved å vera under planlegging. Eg har snakka mot desse planane i kvart einaste møte der emnet har vore oppe, og foreslo med gode grunnar å avvisa planprogrammet. Dessverre fekk eg ikkje fleirtal den gongen heller — framlegget fall med 4 røyster mot 21.

Olav Østebø Olsen
kommunestyrerepresentant for SV — Sosialistisk Venstreparti

Powered by Labrador CMS