meiningar

Å starte arbeidet med ein naturmangfaldsplan nå (som det heller ikkje er krav om), kan kan både føre til usikkerhet og forsinka arbeidet med kommuneplanen, skriv Mikal Møller Hovda. Foto: Privat
Å starte arbeidet med ein naturmangfaldsplan nå (som det heller ikkje er krav om), kan kan både føre til usikkerhet og forsinka arbeidet med kommuneplanen, skriv Mikal Møller Hovda.

Kommuneplanen må gjerast ferdig først

Svar til Olav Østebø Olsen.

Sveio kommune er ein kommune med fin og variert natur, store samanhengande utmarksområder og friområder som me stort sett fritt kan boltra- og ferda oss på.

Me er ikkje den kommunen som er mest kjend for å byggja ned mykje av naturen, og dei planane me har, legg heller ikkje opp til ei storstilt utvikling. Så naturen og mangfaldet er viktig i Sveio, og det er tidlegare gjort mange og store registreringar av naturmangfaldet for fleire naturtypar. Dette er dokumentert gjennom eksisterande registreringar og nasjonale databasar. Blant anna er om lag ein femtedel av kommunen registrert med kystlynghei, og andre registreringar som blant anna «naturskog», er på gong frå sentralt hald.

Me veit at me verken kan eller klarar å ta vare på alt, sidan også mykje av naturmangfaldet må vedlikehaldast og skjøttast dersom det ikkje skal gro igjen og forsvinne. Difor meiner eg at det viktigaste er å vera realistiske og ta vare på og skjøtta nokre område framfor å laga nye planar i offentleg regi.

Naturmangfaldet er allereie godt ivareteke gjennom gjeldande lovverk, og ein ny plan er såleis etter mitt skjønn ikkje nødvendig. Me har knapphet på ressursar, og dei 400.000 kronene som er bevilga frå Miljødirektoratet, vil ikkje på langt nær vera nok midlar for å laga ein naturmangfaldsplan.

Det viktigaste nå er å få ferdig dei planane som allerede er under arbeid i kommunen, og særleg må me prioritera å få ferdig kommuneplanen. Å starte arbeidet med ein naturmangfaldsplan nå (som det heller ikkje er krav om), kan kan både føre til usikkerhet og forsinka arbeidet med kommuneplanen. Det har allereie gått alt for lang tid for å få den ferdig. Det viktigaste er difor å bruka ressursene, både administrativt og politisk, på å følgja opp kommunestyret sitt siste vedtak for å få kommuneplanen ferdig så snart som råd er.

Det handlar ikkje om å nedprioritere naturen, det handlar om å bruke det me har på ein god og fornuftig måte. Me må balansere godt mellom vern og utvikling i kommunen vår, og med eit sterkt lovverk i botn er dette allereie godt ivareteke.

Det er også ei kjennsgjerning at ein i Noreg er i ferd med å «drukne» i nye statlege pålegg, lover, planar, med meir, og  nåverande regjering ser at ein må forenkle, ikkje legge på fleire reglar, for til dømes å oppnå meir bustadbygging i landet og i vår kommune.

La oss difor heller rette energien vår mot framtida, få kommuneplanen ferdig – og sikre at Sveio får utvikla seg på ein måte som skapar vekst og tek omsyn. Ein ny naturmangfaldsplan, i tillegg til alle eksisterande planar/registreringar, trur ikkje eg vil få oss nærare det målet.

Mikal Møller Hovda

Powered by Labrador CMS