meiningar

august 2020
Førde skule.

Kommunen som gjeninnførte linjegymnastikken

Førde skule kan i dag ta imot 168 elevar. Når kommunen no føreslår at elevane frå Auklandshamn og Valestrand skal bussast til Førde frå august av, blir elevtalet 183. Ifølge kommunen vil ei slik samanslåing skape ein robust skulekvalitet som møter framtidas behov.
Elevtala me viser til er henta frå skulebruksplanen kommunen la fram sist fredag. Kommunen planlegg utifrå at det blir over 180 elevar også i 2027. Men det blir ikkje planlagd for eventuelle avvik frå prognosane. Den potensielle kapasiteten med utbetringar i Førde er nemleg nettopp 183 elevar. Og det vil kreve delvis eller total ombygging, med tilhøyrande ekstrakostnader for kommunen. Ein har altså ikkje plass til alle elevane. Det står i den same rapporten — ein rapport som òg viser vekst i elevtala dei siste fem åra, i to av dei tre krinsane som kommunen no vil slå saman.
Ein tydeleg beskjed frå kommunen til Førde, Auklandshamn og Valestrand der, altså: Frå no av, finn for all del ikkje på noko samfunnsutvikling der de bur, for noko folketalsauke har me ikkje kapasitet til! Kommunens eigen visjon «vilje til vekst» gjeld ikkje dykk.
Stakkars den som blir elev 184! Ho får ha heimeskule. Då slepp ho iallfall halvannan time dagleg busstransport. Det vil slå positivt ut for folkehelsa hennar, mens jamnaldringane vil slite med ryggplager etter altfor lang skuleskyss i altfor mange år. Heller ikkje dette er våre ord, det står i saka som er lagt fram om skulebruksplan: Ryggplager kan bli resultatet av denne robuste skulekvaliteten som møter framtidas behov. Er det framtidas behov innanfor fysioterapien kommunen meiner?
Kommuneadministrasjonen skriv at ryggplagene skal kompenserast med tiltak i løpet av skuledagen. Me ser fram til denne gjeninnføringa av linjegymnastikken. Noko anna er det nemleg ikkje plass til: Dei 183 elevane får eit uteareal som ein umulig kan planlegge seriøst for i Noreg i 2021. Førde skule har i dag eit utandørs leikeareal på 3500 m2. Dei siste tilrådingane frå styresmaktene er at skular med dette elevtalet har eit uteareal på minst 10 000 m2, og av ein heilt annan kvalitet enn kva Førde skule har i dag. I Førde er det heller ikkje mulig å utvide utearealet i særleg grad.
Då er det ikkje underleg at også FAU i Førde ønsker å behalde skulestrukturen som han er i dag. Forskinga er eintydig på at store nok uteareal reduserer mengden vald, mobbing og uro blant elevane, og stimulerer til trivsel, motivasjon og læring.
Når me i tillegg veit at tre av klasseromma er på berre 40 m2, at over halvparten av klasseromma ikkje har eigen garderobe og inngang utanfrå, at alle spesialrom er gamle, at arbeidsrom for lærarar er nytta fullt ut i dag, og at helsesjukepleiaren sit på eit støyfullt serverrom, så spør me igjen: Er det sprengt skulekapasitet i Førde kommuneadministrasjonen meiner når dei snakkar om skulekvalitet?
Kommunen sin utdaterte «jo større jo betre»-argumentasjon framstår berre grell når ein på same tid ser at Bergen kommune vel å behalde Trengereid og Krokeide skular med sine 19 og 35 elevar. «Vi er opptatt av at skolene skal være hjertet i nærmiljøene. Derfor ønsker vi også å bevare de minste skolene», som skulebyråd Endre Tvinnereim (Ap) seier.
Kjære politikarar, ta grep på vegner av kommunen vår! Dårlegare folkehelse og nedlagte lokalsamfunn, utan reell innsparing, kan ikkje vere resultatet etter denne forhasta skinnprosessen.
Kjetil Grutle
Auklandshamn
Agnes Ravatn
Valestrand

Powered by Labrador CMS