meiningar
Kjære politikar
Brevet er sendt til politikarane i kommunestyret.
Det har naturleg nok vore mykje snakk om ei eventuell nedlegging av Auklandshamn skule og Valestrand Oppvekstsenter både i lokalavisa og på Facebook den siste tida. Det som i begynnelsen var eit spørsmål om økonomi, har etterkvart handla meir og meir om kvalitet i skulen med trygge og gode lærarar.
Dette er både uforståeleg og ufint sagt om oss lærarar som arbeider på skulane det gjeld.
«I mitt hovud handlar det først og fremst om læringsmiljø og kvalitet i skulen»
(Ingrid P. Furdal, AP. Sagt på HOK-møtet, gjengitt i Vestavind 11.03.21).
«Alle ungane må få same tilbod, ein må få mest og best mogleg undervisning. Den beste måten å bruke pengane på er å ha større skular med betre kompetanse»
(Sølvi M. Vesterheim, FRP. Sagt på HOK-møtet, gjengitt i Vestavind 11.03.21).
Ein kan på Utdanningsforbundet (ekstern lenke )sine nettsider lesa følgande:
«Resultatet fra de mest omfattende studiene på feltet viser at mindre klasser kan gi mer læring enn store – og at det særlig gjelder i småskolen og for elever med ressurssvak bakgrunn … I sin samlede vurdering av dem konkluderte KSU med at 15-18 elever så ut til å være et gunstig antall per lærer … Et lavere antall elever per lærer har relativt stor og varig positiv effekt på elevenes læring, og betydningen er ekstra stor for barn fra lavinntektsfamilier og barn med minoritetsbakgrunn»
Kva tenker de som politikarar om at omfattande studier viser at mindre klassar kan gi meir læring enn store, og at de nå er i ferd med å auke elevtalet per trinn betrakteleg?
Me er godt utdanna lærarar som arbeider på Auklandshamn skule. Tryggleiken me har mellom oss, gir oss eit arbeidsmiljø der me lett kan dela erfaringar og spørra kvarandre om hjelp. Me har jevnleg kontakt med lærarar på dei andre skulane i Sveio kommune, der me jobbar med ulikt fagstoff.
Den siste tida har me jobba mykje med den nye læreplanen og modulkart/modulplanar på tvers av skulane. På grunn av korona har me blitt tvungne til å arbeida saman over Teams eller liknande, noko me ser fungerer godt. Me er positive til å jobba meir på tvers av skulane, gjerne med lærarar på samme trinn over heile kommunen.
Når me nå snart har like planar og arbeider med samme tema over dei samme vekene gjennom året over heile kommunen, er det lett å samarbeida uavhengig av kva skule me jobbar på. Argumentet med at me har for lite fagmiljø fell difor bort, slik me ser det.
Interessen for å jobba her har vore god, dei siste åra har det blitt tilsett nye lærarar både frå Sveio kommune og andre kommunar rundt. Alle lærarane er i 20-, 30- og 40-åra og har ein draum om å jobba på denne skulen i lang tid framover. Fleire har søkt seg jobb på nettopp Auklandshamn skule fordi det har gått rykter om det gode arbeidsmiljøet for både lærarar og elevar.
I Vestavind 25. mars 2021 seier varaordføraren:
«Det er viktig for elevane å ha trygge og gode lærarar. Det handlar om gode lærarkrefter i staden for bygg».
Dette opplever me er urettferdig sagt om den jobben me gjer kvar einaste dag på småskulane. Det har vore ganske mange slike kommentarar av både politikarar og lekfolk etter at økonomi ikkje lenger kunne forsvarast som ei hovudårsak til nedlegging. Desse kommentarane har tæra på oss.
Det er ikkje godt for oss som lærarar, som verkeleg gir av oss sjølv og gjer vårt beste for elevane våre, å få den tilbakemeldinga frå høgaste hald i kommunen. Dette, på toppen av ei mogleg nedlegging, pandemi og stengde skular har tatt nattesøvnen frå mange av oss og me er genuint såra og lei oss. Dagen etterpå (26.03.21) fekk me ein mail frå skulesjefen med helsing frå ordførar og varaordførar, der det står:
«Det har kome oss for øyra at nokon tilsette på skulane har oppfatta ein reportasje i Vestavind slik at me ikkje meiner lærarane som er tilsette her er gode. At dette er vårt syn tar me begge to sterkt avstand frå. Me vil beklaga ovanfor dykk dersom det er noko me har uttalt, som er referert i media, som kan oppfattas slik. Det har aldri vore vårt syn. Me er trygge på at me har dyktige, gode lærarar i heile kommunen. Me er heilt einig med rådmannen i det han skriv i saka; «både Auklandshamn og Valestrand gjev eit godt tilbod med trygge og dyktige tilsette.» … De tilsette er viktig for kommunen, og det er viktig for oss å vere tydelege på at me meiner det er trygge og dyktige tilsette på skulane i Sveio kommune.»
Me sett pris på mailen, men me ønsker og syns at ordføraren bør gå offentleg ut med unnskyldninga, på lik linje med den offentlege uttalen ho gav som utløyste unnskyldninga. Me håpar ho vil ta oss i forsvar og rette opp i den urettmessige kritikken sveibuane seier om småskulane og lærarane der. Me undrar oss når ordføraren seier at argumentet om den påståtte manglande kvalitet ikkje stemmer, me er både trygge, gode og dyktige lærarar – kva argument for nedlegging står posisjonen då igjen med?
Auklandshamn skule har tidlegare fått mykje skryt av den gode jobben me har gjort. Den tidlegare skulesjefen kom på besøk til oss for å sjå kva me som lærarar gjorde fordi elevane fekk så gode resultater. Asle Halleraker var fleire gonger på besøk og sa han var særs nøgd med det psykososiale miljøet – kva skjedde? Nå seier han det stikk motsette, utan fagleg dekning for det. Maren Kristine Bårdsen snakkar også mykje om det psykososiale miljøet, og kor dårleg det er på småskulane, samtidig som ho seier at det ikkje er dokumentert at dette stemmer.
«Det er ikke grunnlag for å hevde at lærerne ved de minste skolene ikke er faglig kompetente i sitt arbeid, eller at elevene trives eller ikke»
Maren Kristine Bårdsen, Vestavind 18.03.21.
Ho snakkar vidare om tidlegare elevar og deira oppleving av Auklandshamn skule:
«Tilbakemeldingene jeg har fått fra tidligere elever som slet med å finne sin plass i et lite sosialt miljø, indikerer sterkt til at dagens struktur ikke er i stand til å ivareta alle elevene på en fullgod måte. Det er spesielt disse elevene dagens struktur ikke fanger opp […]»
Me forstår ikkje korleis noko som ein gong var, skal kunne sei noko om korleis det er nå? Er dette relevant? Spør oss! Me som har kvardagen vår på Auklandshamn skule saknar at nokon tar kontakt med oss og høyra korleis det står til nå. Me kan snakka både om det psykososiale miljøet og fagleg kompetanse, eller kva det skulle vera. Snakk med tilsette og elevar som går på skulen nå.
Enno har ikkje ein einaste politikar, heller ikkje ordføraren, spurt verken oss eller elevane som går på skulen nå om korleis det er her.
Verken ordføraren, skulekontor eller politikarar har spurt oss korleis det går med oss. Kvar einaste dag har me trøysta, trygga og tørka tårene elevane våre fell fordi den trygge og gode skulen deira står i fare for nedlegging. Me har gjort vårt beste for at dei små me har ansvar for skal ha gode dagar, der skulenedlegging ikkje er i fokus.
Me tilsette har støtta oss på kvarandre, trøysta kvarandre når tårene har komt hos oss vaksne også, men me saknar at de som er over oss viser omsorg for og forståing for kor tøft dette er for oss. Me står i fare for å mista arbeidsplassen vår. Ein arbeidsplass me alle trivst godt på og som me så gjerne vil fortsetta å ha som arbeidsplass. Det haglar med kommentarar for og i mot skulesaka kor me enn snur oss, og me hadde sett så stor pris på om nokon av dykk i kommuneleiinga hadde vist at de brydde dykk om menneskene midt oppi alt dette. Oss og elevane våre.
Det er hardt for oss vaksne. Og då klarer me ikkje å la vera å tenka på elevane våre, som det går ut over i mykje større grad. Dei fleste av elevane våre har gang- og sykkelavstand til skulen nå. Dei som tar buss, sit på bussen i maks 15 minutt. Dette skal triplast kvar veg, nesten to timar i buss kvar dag, om dei skal til Førde. Det er mykje tid dei kunne brukt til mellom anna fysisk aktivitet. Me veit av erfaring at bussreiser er krevande då barn som kjedar seg lett kan begynna å pirka i andre, som over tid kan eskalera til plaging/mobbing.
Regjeringa seier i Barnas transportplan (ekstern lenke) at det: «skal legges til rette for at åtte av ti barn og unge skal velge å gå eller sykle til skolen». Slik skulestrukturen er per dags dato oppfyller me dette ganske godt. Viss elevane skal til Førde må ti av ti barn frå Auklandshamn ta buss.
Me har nettopp fått dagsturhytta rett i nærleiken av skulen. Me har allereie vore der i skuletida, og reknar 40 minutt kvar veg i elevane sitt tempo. Dagsturhytta Nipaståvo er midt i blinken for god uteskule, både koronavenleg og godt for kropp og sinn. Det står i reglane for dagsturhyttene at dei bør byggast nær ein skule eller barnehage. Nå er hytta bygd. Skal skulen vekk då?
I desse tider, med mykje smitte og sjukdom, er me heldige i Sveio kommune som har små skular og lite smittespreiing. På Auklandshamn skule har me med enkle grep fått til førebyggande tiltak etter FHI-standard. Me klarer å halda god avstand og likevel ha alle elevane på skulen på raudt nivå. Me tenker det er rart å slå saman skular midt i ein pandemi og på den måten utsetta både elevar og tilsette for fleire nærkontaktar, spreidd over eit mykje større geografisk område. Lærarane har stått og står midt i pandemien utan masker og nært til dei borna som treng det. Treng me utvida horisonten akkurat nå?
Takk for at du tok deg tid til tankane våre.
Med venleg helsing
Eldunn, Camilla, Maria, Silje Marie, Erna, Gunnbjørg, Alexandra, Astrid og vikarane ved Auklandshamn skule