meiningar
«Kjære politikar. Vis respekt og lytt til dei dette gjeld – dei du skal representere i denne saka»
Eg må seia at eg er særs forundra, skuffa, sint… Over prosessen i skulestruktursaka, som er blitt ei hastesak midt i denne pandemitida me alle er oppe i nå. Slik eg ser det, så går dette på demokratiet laus. Det kjempast med nebb og klør for å få behalda skulen og det gode nærmiljøet i bygdene våre, men det verkar ikkje som om alle politikarane, våre folkevalde, har fått dette med seg eller tek dette på alvor. Mange av argumenta som blir brukt for nedlegging er tynne, og baserer seg på usikre prognosar eller rein gjetning.
Her har nokon det særs travelt, folk føler seg overkøyrd og ikkje høyrd! Det verkar som om nokre av våre politikarar har gløymt at dei er folkevald og kva det betyr. Det er skremmande! Eg er forundra, oppgitt og sint!
Eg bur i Auklandshamn, som er ei særs levande og godt fungerande bygd med folk som engasjerer seg for bygda si. Foreldra og elevane er glade i skulen sin, som er ein særs god arbeidsplass både for elevar og tilsette.
Skulen har gode faglege resultat. Eg viser her til alle innlegga som har vore i avisa knytt til denne saka. Både barn og vaksne hegnar om skulen i bygda. Dette er ein trygg og god skule med godt elev- og læringsmiljø. Er det ikkje det politikarane våre óg vil ha? Innsparingane for å legge ned er peanuts i denne samanhangen, så kva er det ein vil oppnå med å legge ned skulen?
Bygda vil sakte døy dersom skulen vert nedlagd. Butikken og barnehagen vil forsvinna, og dei som ynskte å slå seg ned her vil søkje andre stader å bygge hus. Skule og butikk er avgjerande. Levande bygder? Er det berre ord som ein smykkar seg med berre for at det høyres flott ut? Kommunen ynskjer vel tilflytting?
Rapporten til Telemarksforskning er ikkje den som skal legge det endelege grunnlaget for beslutningar i denne saka – det er det høyringane frå dei som bur i bygdene som skal gjere.
Nei, kjære politikar, som enda ikkje har heilt forstått sitt oppdrag som folkevald. Lytt til dei som blir ramma av ei eventuell nedlegging av skulen – både i Valestrand og Auklandshamn. Her bur det folk som er verd å satse på – og som eg meiner må bli høyrde i denne viktige saka. Arbeidsplassar vil gå tapt dersom butikken og barnehagen blir nedlagt som følge av at skulen forsvinn. Eg støttar opp om gode tilbod i sentrum, men Sveio treng levande bygder! Då må det satsast óg i bygdene!
Rapporten til Telemarksforskning er ikkje den som skal legge det endelege grunnlaget for beslutningar i denne saka – det er det høyringane frå dei som bur i bygdene som skal gjere. Det er dei dette handlar om. Eg forstår godt at dei av politikarane som ikkje kjenner bygdene våre, ikkje skjønar kor viktig skulen vår og bygda vår er for oss og kvardagen vår, og at dei politikarane, ut frå eigen ståstad, vel å berre satsa på sentrum og trur at dei gjer det på vegne av alle i kommunen. Det er her det blir så feil! Vis respekt og lytt til dei dette gjeld – dei du skal representere i denne saka! Det blir foreslått at skulen skal bli eit grendahus i bygda, men det er ikkje det me ber om, det er ikkje det som gjer bygda vår til ei god og levande bygd! Ei levande bygd er ei bygd med ein levande skule!
Så kjære politikar! Lytt og ta val ut frå innspela frå dei dette kjem til å påverke liva til – nemleg dei som bur i bygdene dette gjeld! Vis respekt og ta det ansvaret du er gitt som folkevald i Sveio kommune!
Torhild Opedal
pensjonist og sveibu i 37 år