meiningar

Styrking av skulane i Sveio?
Auklandshamn skule.

Kjære folkevalgte – det er ingen skam å snu!

Det er eit stort og alvorleg inngrep i to bygder og leggja ned skulane som vil ramma nesten 90 barn. Dette er både trist og tragisk! Å ha skule og butikk er svært viktig i ei levande bygd. Utan dette blir det ikkje tilflytning, kanskje det stikk motsatte. Er det bygder med pensjonistar og hyttefolk de vil ha?

Dette burde heller ikkje vore eit tema midt i en pandemi med virus som muterer og med ungar som vert sjuke. I nasjonal transportplan har nå barna fått eit eige kapittel. Her går det fram at så mange barn som mulig skal velgja å gå eller sykla til skulen, der det er mulig. Dette er mulig for mange av elevane i Auklandshamn og Valestrand. I tillegg er dette god folkehelse! Dei som i dag treng buss har maks 10 minutt reisetid.

I dag er det 10 år pliktig skulegang og deretter videregående skule. Fra de begynner på ungdomsskulen har de i allefall seks år med lang reisevei framfor seg. Dette må me spara de minste for så lenge som mulig. Å sei at det går bra for dei som tar buss i dag, er et dårlig argument for at alle må gjera det når dei har gode og trygge skular i sitt nærmiljø.

Kva ville de sagt om det var dykkar 6-åringar det gjaldt? Ville de sett de på bussen i 1,5 time dagen fordi det er «best for alle»? Kven er alle? Trur nok de hadde kjempa med nebb og klør for skulen, slik folk i Auklandshamn og Valestrand gjer nå. Det beste for alle er ikkje å ta vekk to velfungerende skular for nesten 90 ungar, men la dei gå på skulen i sitt nærmiljø. Der har dei gode lærarar og eit godt miljø og det manglar ikkje på kompetanse!

Kan M. Bårdsen svara på om den psykososiale helsa til elevane i Sveio og Førde er bedre enn på våre skular? Elevane våre klarar seg like godt som dei på større skular. Vår erfaring fra Auklandshamn skule er utelukkande positiv. Du vil ha eit bedre innhold i skulen, kva er gale med innholdet som er der no? Om du hadde ungar sjølv og budde i bygda di, hadde du nok satt deg på trappa ein gong til. Tvilar på at du ville satt 6-åringen din på bussen når han kunne gått på 10 minutt. Teori og praksis stemme ikkje alltid overeins.

Ordføraren står fram i Vestavind og fortel om det nye byggefeltet i Sveioåsen. Om folk som vil byggja der fordi det er nærhet til barnehage, skule og butikk – ja, alt dei treng! Kva med folk i bygdene, treng ikkje dei det same? Dette viser kor Sveio kommune satsar på busetning – i og rundt Sveio sentrum. Greit det, men det skal ikkje gå ut over folk som vil bu i dei fine bygdene våre.

Det var ein som påpeika at Valestrand oppvekstsenter er ei rønna, men ungane treng ikkje, eller forlangar ikkje ein ny, flott skule. Det er innholdet og tryggheten som er viktigast! Det har dei på begge skulane i dag. Større skular er ikkje einsbetydande med bedre skular. På større skular kan det og vera meir mobbing.

Førde skule vert og liten til 90 nye elevar, både inne og ute. Dette er små barn som vil leika i friminuttane. Her i Auklandshamn har me eit stort og fint uteområde som er godt egna til barna. Foreldrene er flinke når det trengs dugnad i og rundt skulen.

Dersom skulane blir nedlagde skal foreldra til nesten 90 ungar, kjøra frå Auklandshamn og Valestrand til Førde på foreldremøte, elevsamtalar og tilstellingar. Er dette god miljøpolitikk?

Når me nå ser at L. Hollund ikkje har høyrt om at dei to utbrytarane fra Høyre har reservert seg i skulesaka, ja, då er det noko som er gale. Stod det i Høyre sitt partiprogram at det var nokon som reserverte seg? Å stå på ein stand og svara folk som spør om dette, er ikkje godt nok. Kor mange av velgjarane har då fått dette med seg? At dei to skal kunne avgjera denne saka er heilt uforståelig! Dei burde nok stemma blankt?

Kanskje det også er på tide å oppheva krinsgrensene og bruka dei skulane me har i Sveio? Ser ikkje at det kan vera så vanskeleg å tilretteleggja for at elevane i Bua-krinsen kan bruka skulen her i Auklandshamn. Eit samarbeid her vil gagna både skulen og barnehagen på bua som i dag har mange barn fra Auklandshamn. Dette vil og frigjera plass på skulen i Sveio. Me henvise til innlegg fra dei to som driv barnehagen på Bua. Kva blir konsekvensene hvis barnehagen og må leggjast ned?

No er kommunen splitta, og hvis det blir nedlegging vert det djupe sår som vil gro seint, veldig seint. De som vil leggja ned skulane – håpar de får sova godt om natta og at de ikkje drøymer om 6-åringar som står ute i mørke og kalde vinterdager, mange stadar utan lys og busskur, og ventar på bussen. Tenk på alle dei timane dei må tilbringe i buss i staden for å sykla eller gå.

Hvis ikkje no de folkevalgte begynner å lytta til folk, er det ikkje så rart at tilliten til dykk blir svekka. DET ER INGEN SKAM Å SNU! Stem med hjarta for dei minste og la bygdene leva!

Så ønsker me alle i Sveio kommune ei god helg! Med helsing
Anne Sofie Velde og Solveig Brynjelsen

Powered by Labrador CMS