meiningar
«I realpolitikk bør ein vite kva ein risikerer ved å endre etablert praksis»
I Vestavind for 11. mars kjem det fram at stortingspolitikar Sveinung Stensland (H) har trua på at om trugsmålet om straff blir fjerna, kan det hjelpe til ein meir jamn relasjon mellom hjelparen og og den unge, noko som kan ha noko seie for etablering av eit tillitsforhold.
I religiøse spørsmål er trua avgjerande. I realpolitikk bør ein vite kva ein risikerer ved å endre etablert praksis. Eg trur Stensland kan vere på gyngande grunn – eller på tynn is, noko som kan få alvorlege konsekvensar.
Otto Inge Molvær
prof. emerit., dr. med.
Førde