meiningar

Handlaga produkt er eit stikkord, også for misjonsmessa.
Handlaga produkt er eit stikkord, også for misjonsmessa.

I år blir det misjonsmesse

På denne tida for eitt år sidan skulle det vore misjonsmesse i Sveio Soknehus. Men som mange andre så måtte me gi etter for pandemien og avlyse. Me håpte då å koma sterkt tilbake i 2021 – og her er me nå! Etter mest to år med verdsomfattande pandemi har inntrykk frå media vist oss at NMS sin visjon er aktuell og viktig å arbeida for. Denne visjonen er: Dela trua på Jesus, utrydda fattigdom og bekjempa urettferd. Vil du veta meir om NMS sitt arbeid for folk over heile jorda kan du gå inn på nms.no.

Misjonsfolket i Sveio har lenge vore i gong med førebuing til messa i år – som baking av lefser og anna bakverk, tørking av fisk, produksjon av syltetøy, strikkevarer og liknande. Det vert også den populære «katten i sekken», sal av nylaga potetkaker, loddsal og åresal.

Heile dagen vil det vera kafé der ein kan kjøpa graut, pølser, kaker og kaffi. Sveio barnekor vil som før vera med ved starten på dagen. Me gler oss til å høyra dei igjen.

Frå NMS kjem Marta Dale som er regionkoordinator for region Stavanger. Til avslutning deltek Stine, Sølvi og Dagfinn Heimestøl med song og musikk som me også gler oss til og heilt til slutt vert det trekking av lotteriet.

Misjonsfolket i Sveio ynskjer alle velkomne.

NMS-foreningane i Sveio
v/Bjørg Matre

Powered by Labrador CMS