meiningar

Det finst svært mange bøker som høver for dei aller minste, og har ein starta med høgtlesing tidleg, er det og enklare å halda fram med det når borna blir eldre, skriv Petter Steen jr.FOTO: EIRIK DANKEL/HELSE FONNA
Det finst svært mange bøker som høver for dei aller minste, og har ein starta med høgtlesing tidleg, er det og enklare å halda fram med det når borna blir eldre, skriv Petter Steen jr.

Høgtlesing i ein digital kvardag

Nokre av dei ljosaste barndomsminna mine er frå dei gongane far min hadde vore på jobbreise og kom heim med ei ny eventyrbok. Då blei eg teken opp på fanget og fekk høyra fantastiske historier om Oskeladden, Tornerose, Aladdin, Hans og Grete og Raudhette og ulven. Historiene kunne lesast om att og om att, og etter kvart som eg blei eldre og skulegut, kunne eg lesa dei sjølv i bøkene som blei stadig meir utslitne.

Vi er mange som har desse gode minna. Barnelitteraturen verka stimulerande på fantasien vår. Ikkje alt var like snilt og uskuldig. Både ulven som åt bestemora til Raudhette og heksa som ville eta Hans og Grete, var nifse skapningar. Likevel kjendest det trygt å høyra om dei om ein sat på fanget til far eller mor.

Onsdag 20. april kunne NRK melda at ny forsking har synt at sju av ti foreldre i 2022 ikkje lenger les for borna sine. Høgtlesinga blir av mange ofra i den travle kvardagen. Mange born får i staden andre impulsar gjennom digitale kanalar. Barnelitteraturen på papir blir kan henda også oppfatta som litt gamaldags? Det er i så fall ei mistyding. Høgtlesing blir ikkje mindre viktig i den digitale kvardagen.

Når kan ein starta med å lesa for borna? Svaret er enkelt. Vi kan starta så snart dei er i stand til å sitja på fanget! Det finst svært mange bøker som høver for dei aller minste, og har ein starta med høgtlesing tidleg, er det og enklare å halda fram med det når borna blir eldre.

Då Sveio kommune gjennomførte det store språkkommuneprosjektet sitt frå 2016 til 2018, lærte vi mykje om kva som gjev positiv effekt på utviklinga av barnet sitt språk og etter kvart lese- og skrivedugleiken. Eit viktig element er utviklinga av eit godt vokabular (ordforråd). Skulestartarar som har eit lite ordforråd, kan stå i fare for å bli hengjande etter i undervisninga. Høgtlesing er eit flott verkemiddel for å gje borna eit godt og breitt ordforråd.

Som vaksne kan vi vera gode språkmodellar for borna våre. Då Sveio kommune starta på arbeidet som språkkommune i 2016, synte resultata på nasjonale prøvar i lesing i 5. klasse at vi hadde svært mange elevar med svak lesedugleik, samanlikna med både fylket og landet. Skuleåret 2020/2021 hadde vi dei beste resultata av alle kommunane på Haugalandet og i Sunnhordland. Barnehagane og skulane våre hadde endra praksis og styrkt fokuset på språktrening. Det har gjeve gode resultat.

God lesedugleik og eit godt ordforråd er grunnleggjande for all læring i alle fag. Det er difor norskfaget gjerne blir omtala som eit «reiskapsfag». I tillegg er språk, lesing og skriving noko meir. Språket er ikkje berre noko vi nyttar i utdanning og jobb. Språket er jo sjølve nøkkelen til sosialt samspel mellom menneske i alle aldrar, og såleis har det og stor innverknad på folkehelsa. Difor er det så viktig at vi alt frå borna er svært små, hjelper dei med å utvikla det.

Høgtlesing for borna er altså ikkje noko som er gått ut på dato. Det er noko som er viktigare enn nokon gong. I Sveio kommune har vi eit folkebibliotek med eit godt utval av litteratur for både born og vaksne og med medarbeidarar som gjerne gjev tips om god, spanande og stimulerande litteratur.

I barndomen min blei Oskeladden og Tornerose etter kvart bytte ut med Hardy-gutane, Stompa, Hjortefot og andre spanande bøker som for lengst har gått ut på dato. Likevel var det altså slik at høgtlesinga førte til at den vesle poden oppdaga gleda i å lesa sjølv. Denne samanhengen er like sterk no som då. Høgtlesing for borna er stadig ei fin gåve i starten av livet.

Petter Steen jr.

Folkehelsekoordinator og rådgjevar ved skule- og barnehagekontoret i Sveio kommune.

Powered by Labrador CMS