meiningar

Arbeidarpartiet vel fellesskapsløysingar og barnefamiliar – ikkje skattekutt til dei som har mest, skriv Linn Therese Erve og John Tore Hovda Mølstre. Arkivfoto: Ellen Marie Hagevik
Arbeidarpartiet vel fellesskapsløysingar og barnefamiliar – ikkje skattekutt til dei som har mest, skriv Linn Therese Erve og John Tore Hovda Mølstre.

«Høgre sine påstandar stemmer ikkje»

Lesarbrev

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til tips@vestavind-sveio.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

no seier dei er opptekne av barnefamiliar. Problemet er berre at reknestykket og påstandane til Sveio Høgre ikkje stemmer med røynda.

Det er flott at Høgre

Med Arbeidarpartiet i regjering har vi fått historisk låge prisar på barnehage og gratis SFO for 1.-3. klasse. Ein familie med eitt barn i barnehage sparer no over 23.000 kroner i året samanlikna med Solberg-regjeringa sitt siste budsjettforslag. Har du to barn, sparer du nesten 40.000 kroner i året. Høgre sitt alternative budsjett for 2025 foreslår å auke maksprisen til 3.000 kroner – som betyr ei ekstrarekning på nesten 20.000 kroner kvart år for barnefamiliane – og nesten 80.000 kroner om barnet ditt går fire år i barnehage. Dette er realiteten bak Høgre sine lovnader.

Faktum er at ei familie med moderat inntekt ikkje vil få redusert barnehagepris med Høgre sin politikk.

Når Arbeiderparti-regjeringa i tillegg gav kommunane ekstra midlar til å styrke bemanninga i barnehagane i fjor, valde Høgre og Frp i Sveio å bruke berre halvparten av desse pengane til føremålet. Er det å setje barnefamiliar først?

Sveio Arbeidarparti kjempa fram fritidskortet – eit konkret tiltak som har gitt fleire born moglegheit til å delta på aktivitetar i vår kommune.

Fint at Høgre ville setta av 15,5 mill til inkludering i deira alternative statsbudsjett, men Arbeiderparti-regjeringa har prioritert frivilligheita med å gi full mva-kompensasjon for alle frivillige organisasjonar.  Arbeiderpartiet er opptatt av at barn og unge skal ha like moglegheiter. Meir pengar til frivillige organisasjonar og idrettslag betyr at fleire barn og unge får ta del i kultur- og idrettsaktivitetar.

Me kan ikkje sjå at Sveio Høgre snakkar om kommuneøkonomi i sitt lesarbrev. Overføringar frå stat til kommune er avgjerande for at me i Sveio og andre kommunar skal kunne gi gode velferdstenester til deg som innbyggar.

Regjeringa har styrkt kommunane sine frie inntekter kvart år med Arbeiderpartiet i leiinga, og Støre har sagt me skal halde fram med det. Høgre og Frp vil i staden kutte skattar og avgifter med titals milliardar. Høgre med rundt 60 milliardar, Frp med heile 150 milliardar. For å sette det i perspektiv: det er meir enn det alle norske kommunar bruker på alle barne- og ungdomsskular i Norge, inkludert skuleskyss og SFO (tal frå 2023). Kutt som vil gå direkte ut over overføringane til kommunane, som dermed vil få store konsekvensar for deg som skal ha velferdstenester frå kommunen, som barnehagar, skular, og helse – og omsorgstenester.

Me lurer då på korleis Høgre tenker at dei skal gi meir til barnefamiliar?

Me står altså overfor eit tydeleg val: Skal me satse på barnefamiliar og fellesskapsløysingar som gjer kvardagen lettare – eller på store skattekutt som gjer kommunen fattigare og barnefamiliar dyrare kvardagar?

Arbeidarpartiet vel fellesskapsløysingar og barnefamiliar – ikkje skattekutt til dei som har mest.

Linn Therese Erve og John Tore Hovda Mølstre
Leiar og nestleiar i Sveio Arbeiderparti

Powered by Labrador CMS