meiningar
«Høgre gjev barnefamiliane mest, ikkje tomme lovnader, men reelle forbetringar»
John Tore Hovda Mølstre frå Arbeidarpartiet målar eit pent bilete av sin eigen politikk, men gløymer å nemna det viktigaste: Høgre gjev barnefamiliane betydeleg meir enn Arbeidarpartiet.
Medan regjeringa skryt av å ha redusert barnehageprisen til 1.200 kroner, vil vi auka inntektsgrensa for gratis kjernetid i barnehagen til 800.000 kroner, slik at fleire familiar med lågare inntekter får redusert barnehagepris.
Der ein skryt av å ha auka barnetrygda til 1.968 kroner for alle barn, går vi mykje lenger. Vi aukar barnetrygda med 1.000 kroner ekstra i månaden frå 1. juli for barn under seks år. Det betyr at familiar med små barn får heile 2.968 kroner i barnetrygd,1.000 kroner meir enn det regjeringa no tilbyr.
Når det gjeld fritidsaktivitetar avslører Mølstre sjølv kor lite Støre-regjeringa prioriterer borna. Det er flott at me Sveio kommune har innført fritidskort med pengar frå det kommunale budsjettet, ei prioritering kommunestyret har gjort. Støre-regjeringa prioriterte ned barn og unge då dei kort tid etter regjeringsskiftet fjerna ordninga med fritidskort for alle mellom 6 og 18 år, ei ordning innført av Solberg-regjeringa.
Høgre vil halda fram med å sikra at alle barn og unge kan delta på minst éin fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra si inntekt. Difor la vi inn ei auke på 15,5 millionar kroner til inkludering av barn og unge i fritidsaktivitetar i vårt alternative budsjett for 2025. Det er ikkje kommunane som skal måtta prioritera dette med eigne midlar, det er nasjonalt viktig at ingen barn skal stå utanfor på grunn av familieøkonomien.
Men det stoppar ikkje der. Vi gjev òg betydeleg skattelette til folk, uansett om dei tener lite eller mykje. Høgre lovar ei skattelette på 12.000 kroner i året til alle som er i arbeid, det betyr ein tusenlapp ekstra kvar månad. Vi aukar òg frikortgrensa til 150.000 kroner, slik at lågare lønnsinntekter blir skattefrie.
Kort oppsummert vil ein familie med moderat inntekt og barn i barnehagen få meir å rutta med gjennom gratis kjernetid, auka barnetrygd og lågare skatt med Høgre sin politikk, pluss tryggleik for at borna deira kan delta på fritidsaktivitetar.
Mølstre sin påstand om at vi gjev «skattekutt til dei rikaste» er rett og slett feil. Vi prioriterer å hjelpa dei som treng det mest, barnefamiliar med vanlege inntekter.
Forskjellen er klar: Arbeidarpartiet leverer symbolpolitikk og små forbetringar, og overlèt til kommunane å ordna det viktigaste. Høgre leverer reelle, store forbetringar som gjer kvardagen merkbart betre for barnefamiliar, både her i Sveio, og på nasjonalt nivå.
Godt val!
Lars Petter Lie ogAndré Mundal Haukås,
Sveio Høgre