meiningar

I uttalen frå ordføraren er det fyrst og fremst dei hyppige stengingane av tunnelen som vert brukt som argument for at ein treng ny tunnel, skriv Arild Høyland. Foto: Thomas Vallestad Drageset
I uttalen frå ordføraren er det fyrst og fremst dei hyppige stengingane av tunnelen som vert brukt som argument for at ein treng ny tunnel, skriv Arild Høyland.

«Heldigvis finst det edrulege løysingar som ikkje kostar milliarder»

For to veker sidan kunne ein lese kor skuffa ordføraren og Sunnhordlandsrådet var over det dei meiner er ei «nedprioritering av Vestlandet», fordi Samferdselsdepartementet har tatt til fornuft og nedprioritert Statens vegvesen sine stormannsgalne planar for ny kryssing av Bømlafjorden.

I uttalen frå ordføraren er det fyrst og fremst dei hyppige stengingane av tunnelen som vert brukt som argument for at ein treng ny tunnel. Dette er ein argumentasjon som framstår absurd. Om huset ditt er kaldt om vinteren investerer ein i meir isolasjon. Ein byggjer ikkje eit nytt hus ved sidan av, i tilfelle neste vinter blir kald.

Heldigvis finst det edrulege løysingar som ikkje kostar milliarder. Førre veke kunne NRK Rogaland melde at Statens vegvesen endeleg testar ut stenging av felt i Byfjordtunnelen (Randaberg-Rennesøy), som og har vore plaga med hyppige stengingar. Tiltak som elektroniske fartsskilt og moglegheit for å stengje felt bør og kunne nyttast for å betre situasjonen for Bømlafjordtunnelen.

Eg håpar ordføraren og Sunnhordlandsrådet allereie har tatt kontakt med styresmaktene og fått starta arbeidet med å få slike tiltak på plass. På denne måten kan tunnelen, med sitt einslege løp, halde fram som ei påliteleg hovudpulsåre for regionen i kommande tiår.

Arild Høyland, leiar Sveio SV

Powered by Labrador CMS