meiningar
Grøn resept frå Sveio Turlag – våren 2021
Sveio turlag startar årets tursesong tirsdag 16. mars med å gå «Golfbanen på langs» – det vil sei at vi skal gå på turstiar samt noko på grusveg.
Tirsdag 23. mars vil Geir Birger Haug vera kjentmann på ei historisk vandring i Festningsområdet/Bunkerene på Nesheim, Eltravåg i Sveio.
Søndag 11. april tek Jonas Eldøy oss med på ei vandring i Hystadmarkjo på Stord. Vi går langs sjøen m.a. forbi ein kolerakyrkjegard til Sævarhagsvikjo båthamn.
Tirsdag 13. april vert det ein rundtur frå Bua, oppover Prestavegen til Litlesåt og Buaåsen i Sveio.
Tirsdag 27. april møtes vi ved tidlegare «Pekofrabrikken» ved boligfeltet Krossleite i Sveio. Vi må kryssa Fv47, følgja stien opp til Kyrkjevegen, vidare forbi Brørsteinane og rundt Forevatnet.
Tirsdag 4. mai vert det ei historisk vandring til Amerikasteinen på Tjernagel i Sveio. Ingebjørg Haga vil fortelja historia om steinen som i farne tider vart kalla «Gjetarsteinen».
Søndag 9. mai går vi Vassnuten rundt (459 m.o.h.) med start frå Bjordal i Vindafjord kommune. Marit Langelandsvik stiller som kjentmann på turen.
Tirsdag 11. mai vert det ein rusletur til Hauglandsvika i Valevåg med start frå Valestrand kulturkyrkje. Etter avtale med grunneigar tek vi ei rast utanfor eit sjøhus i Hauglandsvika før vi går same veg tilbake.
Tirsdag 25. mai vil vi oppleva Kadløy, – kan henda betre kjend som Rex Island i Førde. To eller tre båtar vil gå i skytteltrafikk for å frakta alle til og frå øya som er ein del av Rex Garden. Vi kjem til eit vakkert parkanlegg med m.a. grusa turstiar, vakre rhododendronplanter og kunst / treskulpturar.
Søndag 30. mai vert det ei vandring til den såkalla Nipaståvo om lag 45 minuttars gange frå turstart ved Stølen i Auklandshamn.
Tirsdag 1. juni går vi ein rundtur frå Fjellstad til Åsetjørna og Åseåsen i Sveio. Vi får godt utsyn mot Sandvatnet, Holmavatnet og Skiftestad, og går gjennom ein skog der mange bjørketre er «kledd med lav».
Søndag 6. juni møtes vi ved Holsvika friluftsområde på Tittelsnes for å gå til Bjørganipen (359 m.o.h.) og Sildanipen der vi får godt utsyn i alle himmelretningar!
Tirsdag 15. juni er det sesongavslutning ved Våga og Omegn Grendalag si grillhytte ved Kvernavatnet i Sveio.
Grunna Covid-19 situasjonen er kun to av turane lagde til andre kommunar. Sveio turlag håper å kunna gjennomføra alle arrangement denne våren, og vil sjølvsagt fylgja nødvendige smittevernreglar! Alle er velkomne på våre arrangement!
For Sveio turlag
Elisabeth Hauge Bakke