meiningar

Midt på Rex Island kan du sjå eit 50 meter langt «vikingskip».
Midt på Rex Island kan du sjå eit 50 meter langt «vikingskip».

Godt nyttår frå Sveio hagelag

Me vil ønskje alle eit riktig godt nyttår 2022. Me startar med friskt mot. Det har vore lite arrangement og tilstellingar dei siste to åra på grunn av pågåande pandemi, og dermed mange avlysingar. I oktober hadde Sveio hagelag årsmøte. Då såg det litt lysare ut med tanke på at samfunnet kunne opnast igjen, og me sette opp ein variert årsplan for 2022.

I fjor baserte me oss stort sett på utearrangement fordi det er enklare å overhalde smittevernreglane ute. Årsplanen for 2022 er prega av meir optimisme og me slår til med både inne- og uteaktiviteter. Me må ta omsyn til dei retningslinjene som ligg føre til ei kvar tid, og det kan bli avlysingar eller flytting på arrangement. Me reknar og med å måtte fortsetje med påmelding med namn og telefon til dei ulike arrangement for ei eventuell smittesporing.

I to år har me hatt eit foredrag med Claus Dalby på programmet, men dette har begge gongene blitt avlyst på grunn av pandemien. Sveio Hagelag har gått saman med fleire andre hagelag i Sunnhordland, og derfor blir arrangementet på Stord som då er eit naturleg møteplass for alle. Me prøver på nytt i år, og Claus Dalby kjem til Kulturhuset på Stord 9. mars. Han vil halde foredrag med tittelen «Selskapsplanter». Dette er forteljinga om Dalby sin eigen hage, opparbeidd gjennom 25 år til eit frodig paradis i fargestemte rom, bugnande av blomstrande vekster. .

14. mars arrangerer me eit nytt podekurs på Førde gamle skule, og også i år er det Ragnvald Gramstad og Annlaug Fludal som viser oss korleis dette skal gjerast. For at alle skal få utbytte av kurset, tar me ikkje inn meir enn 20 personar.

Me har som regel hatt ei hagevandring i lokalmiljøet kvart år. I år legg me turen til Rex Island (Kadl`øyno i Førdespollen). Det er tre år sidan me var der sist, og mykje har skjedd. Sveio Hagelag ordnar med frakt tur/retur, men det er og høve å bruke eigne båtar.

Bier er både aktuelt og interessant, og Arne Valen kjem og fortel om birøkt på Førde gamle skule 22. august.

Det er mange som dyrkar ting i eigen hage, og me vil gjerne ha fokus på kva me nyttar dei ulike produktene til. Korleis kan me oppbevare frukt, bær, grønnsaker, sopp ? Stikkord kan vera safting, sylting, fermentering og tørking. Nokon har mykje erfaring med slikt, andre mindre, men ganske mange er interessert i å lære meir om dette. Me tenkjer på ulike produkt av rognebær, eple, plommer, grønnsaker, urter, granskudd, kort sagt litt om kva som kan lagast av dei ulike råstoffa. Det kan og bli smaksprøvar. Tanken er at dette kan bli ein kveld der me utvekslar erfaringar og oppskrifter og gir gode råd og tips til kvarandre. Er dette noko for deg, så møt opp på Førde gamle skule 12. september.

I september er det og tid for soppturen vår. Me har vore ulike plasser i Sveio, og sopp har me funne alle stader. I år går turen til Lier i Førde. Me har som vanleg med oss godkjente soppkontrollørar frå Haugaland sopp- og nyttevekstforening som lærer oss om sopp og kva som er trygt å ete.

Årsmøte har me i oktober.

Det vil kome omtale og annonse med tid og stad og evt. praktiske opplysningar om dei ulike arrangementa i god tid på førehand i Vestavind. Dei vil og stå omtalt i heftet «Hva skjer» og vil bli lagt ut på facebook.

Me håpar at folk har lyst å kome, og ønskjer alle velkomne. Me håpar dette blir eit år der me får gjennomført planane våre.

Sveio hagelag
Wenche Strømøy

Rex Island ligg på Vestre Kadløy i Førdespollen. På øya er det planta eit rikt utval rododendron vekster.
Powered by Labrador CMS