Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
meiningar
Gode politikarar, prioriter barna våre!
Vi foreldre tok eit bevisst val då vi skulle ha barnehageplass. Vi valde Sveio barnehage fordi vi opplever den som passe stor, og dei satsar på natur og gjenbruk. Uteområdet er naturtomt, ikkje plastdekke med microplast. Dei bruker òg flott natur i nærområdet rundt barnehagen aktivt. Samtidig ser vi eit barnehagebygg som er slitt og svært upraktisk.
Vi vil kommentere noko av det vi som foreldre opplever eller ser i barnehagen:
Brukarundersøking: Allereie i 2018 gav foreldre klart uttrykk for dårleg barnehagebygg, der dei gav dårleg score på innemiljø i barnehagen.
Parkeringsplass: Parkeringa er liten, uoversiktleg, farleg for små barn, og det oppstår farlege situasjonar som til no heldigvis har gått bra. Om vinteren er det òg svært mørkt på parkeringen. I periodar på dagen så er det så mange bilar at vi må vente for å få plass til å parkere.
Garderobane til avdelingane: Vi ser det er trangt og tungvint med dårleg utforming. Vi ser vogner må ut for at det skal bli plass til oss foreldre når vi leverer om morgonen i barnehagen. Barna sine klede heng så tett at dei ikkje tørkar naturleg i garderoben. Vi må ta med heim så vi veit at barna får tørre klede til dagen etter. Ser òg det er dørstokkar på alle dører. Det er lite praktisk, tungvint med vogner og spesialstolar.
Har vi småsøsken med for å hente eller levere i barnehagen så må vogna stå ute fordi det ikkje er plass i gangen. Ein forelder fortalde han hadde gått inn via personalgarderoben, der sto kopimaskina og maskinar som reinhaldar brukar. Då sa ein tilsett at det var ikkje plass på vaskerommet og heller ingen andre naturlege stadar å setje kopimaskina.
Møterom: Når vi skal ha møte med pedagog opplever vi at pedagog sjonglerer mellom å låne styrar sitt kontor og pauserom. Det er til tider trangt.
Dei som er saman med barna våre heile dagen: Vi ser tilsette som gjer alt for at vi og barna våre skal oppleve at praktiske fysiske utfordringar skal gå saumlaust. Vi ser denne innsatsen som blir gjort for at barna skal ha det bra. Det må vera mykje organisering som ligg bak.
Både foreldre og barn som har starta i Sveio dei siste 10 åra har alle trudd at dei skal få eit år i nybygg. Det har i staden blitt mange midlertidige løysingar.
Uteområde: Vi ser store tre som er fine nå og som gir le, men på sikt må dei ned fordi dei blir for store. Når vi kjem i barnehagen om morgonen eller ettermiddagen så er det også til tider store dammar utanfor inngangspartia. Det er dårleg drenering på heile uteområdet.
Det er òg ei brakke på uteområdet som dei i barnehagen kallar Annekset. Den står der midlertidig for å ha eit ekstra rom fram til dei får ny barnehage.
Treng eit signalbygg: Det er i kommunen si interesse å ha eit barnehagebygg som svarer til standard av 2025, det er med å sikre gode oppvekstvilkår for våre barn. Det vil òg kunne trekke tilflyttarar og småbarnsfamiliar til kommunen. Nytt barnehagebygg vil vise at Sveio kommune satsar på den oppveksande generasjon. No er det tid for å prioritere barna våre!
Foreldre i Sveio barnehage