meiningar

ARKIVFOTO: HAUGALAND KRAFT/HAAKON NORDVIK

Frå nyttår får du større moglegheit til å påverka nettleiga di

Publisert Sist oppdatert

Du har kanskje fått det med deg allereie? Frå nyttår blir nettleiga endra for alle hushaldskundar i heile Noreg. For deg som nettkunde betyr det at du får større høve til å redusera eigen nettleigefaktura ved å jamna ut straumforbruket ditt gjennom døgnet. Dette er bra for deg som nettkunde, og gjer oss betre rusta til å lukkast med det grøne skiftet.

Det er styresmaktene som har bestemt hovudtrekka i den nye nettleigemodellen og tidspunktet den trer i kraft på. Den nye nettleiga skal bidra til to ting. Det eine er ei meir rettferdig fordeling av nettleigekostnadene mellom kundane. Det vil seia at dei kundane som belastar straumnettet relativt lite, skal betala mindre enn kundar som belastar nettet relativt mykje. Etter fleire utsegn i media om at nettleiga skal auka i 2022, ser me grunn til å presisera: Haugaland Kraft Nett aukar IKKJE sine totalinntekter det kommande året. Den nye nettleiga vil derimot medføra ei omfordeling mellom kundane.

Det andre føremålet med ny nettleige er å få ned forbrukstoppane i straumnettet. Forbruksvekst og rask elektrifisering legg stort press på nettet vårt, som i sin heilskap blir finansiert av brukarane gjennom nettleiga. Fram mot 2040 skal straumforbruket i Noreg auka med minst 25 prosent, ifølgje analysar gjort av NVE og Statnett. Også i vår region skal både straumforbruk og effektuttak vesentleg opp i løpet av dei neste 20 åra, ifølgje rapporten «Regional kraftsystemutgreiing for Sunnhordland og Nord-Rogaland 2020-2040». Kraftintensiv industri kjem til å bli kraftig utvida – elektrifisering av gassprosesseringsanlegget på Kårstø og ny industri i Haugaland Næringspark i Tysvær er to av mange døme på dette. Ferjer, fiskeoppdrett og bilparken vår skal også over på fornybar energi i løpet av dei neste tiåra, noko som vil gje regionen nye og viktige arbeidsplassar. Ved å utnytta det eksisterande nettet betre før me byggjer nye kraftlinjer, kan me halda nettleiga så låg som mogleg for deg som forbrukar. Det er dette den nye nettleiga skal bidra til.

Så, kva skjer etter nyttår?

I dag består nettleiga av eit fastledd og eit energiledd, i tillegg til dei offentlege avgiftene som utgjer over halvparten av nettleigefakturaen. Den største endringa frå 1.januar er at dagens fastledd (ein fast sum per månad) blir erstatta med eit såkalla «kapasitetsledd». Kapasitetsleddet er ein månadleg sum, avhengig av ditt høgaste straumforbruk over éin time. Klarer du å unngå høgt samtidig forbruk, vil du kunne få ein lågare nettleigefaktura enn om du set elbilen på lading medan du både tek deg ein dusj og brukar tørketrommelen. Å flytta forbruk til natt og helg skal også premierast med lågare nettleige, men dette må ikkje gå ut over tryggleiken i heimen. Kvitevarer bør du berre bruka når du er vaken og til stades. Elbilen kan du derimot trygt lada om natta, så lenge du brukar godkjend ladekontakt.

Parallelt med at nettleiga blir endra, har regjeringa varsla reduksjon i elavgifta i 2022. I løpet av dei første tre månadene skal den nær halverast. Naturleg nok lurer mange av kundane våre no på korleis desse endringane vil slå ut for sin eigen del. Våre utrekningar tyder på at åtte av ti vil få lågare nettleige, samanlikna med i år. Dette føreset uendra bruksmønster og gjeld både folk som bur i leilegheit, rekkjehus og større einebustad. Dei som ligg an til å få ein auke, er dei som per i dag brukar mykje straum samstundes (i løpet av ein time).

Sjølv om same nettleigemodell no skal gjelda for alle hushaldskundar i heile Noreg, vil nettleigeprisane framleis variera frå nettselskap til nettselskap. Grunnen til det er ulike kostnadsomstende i dei ulike nettområda. Klima, topografi og busetjingsmønster er blant faktorane som blir tekne omsyn til når NVE årleg bestemmer kor mykje kvart einskild nettselskap kan fakturera kundane sine gjennom nettleiga. Haugaland Kraft driftar eit utstrakt straumnett som i kilometer er lenger enn alle riksvegane i Noreg til saman. Samstundes har me spreidd busetjing i regionen og færre nettkundar å fordela kostnadene på, samanlikna med tilstøytande nettselskap nord og sør for oss.

Innføringa av ny nettleige skjer samstundes som straumprisane er historisk høge. Det er uheldig og me forstår at mange no er uroa for eigen økonomi. Som sagt meiner me at det store fleirtalet av våre kundar vil få ei lågare nettleige etter nyttår. Dessutan gir endringane deg større moglegheit til å ta kontroll over nettleigefakturaen din. For å utnytta denne moglegheita, oppmodar me alle til å gjera to ting: sett deg inn i den nye nettleigemodellen og gjer deg godt kjend med ditt eige straumforbruk. Kor kan du jamna ut forbruket? Kor kan du spara? Me vil sjølvsagt hjelpa til og gje råd, rettleiing og tips på vegen. Ofte vil det vera små grep som skal til – utan at det går ut over komforten eller tryggleiken i heimen.

Olav Linga, konsernsjef, Haugaland Kraft AS
Magne G. Bratland, direktør Haugaland Kraft Nett

Powered by Labrador CMS