meiningar

Kommunen bør sjå mogelegheiter i vakre Førde ikkje berre vurdera nedlegging, skriv innsendar. Foto: Thomas Førde
Kommunen bør sjå mogelegheiter i vakre Førde ikkje berre vurdera nedlegging, skriv innsendar.

Førde skal leva – og med god helse

Sveio kommune står nå framfor eit vegval: Skal ein leggja ned det siste offentlege servicetilbodet i Førde – eller velja å satsa vidare på bygda som eit levande og viktig sentrum i nord?

Lesarbrev

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til tips@vestavind-sveio.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Planane om å leggja ned legekontoret i Førde har skapt sterke reaksjonar i bygda. Dette er ikkje berre eit spørsmål om eit legekontor – det handlar om identiteten og framtida til ein levande og viktig del av Sveio kommune.

Førde har hatt legeteneste i over 100 år. Det er ikkje tilfeldig: Bygda var tidlegare sentrum for tre kommunar på Tittelsneshalvøya, med prest, lensmann og doktor. Då Sveio blei administrasjonssenter i den samanslåtte kommunen, heldt Førde likevel fram som tettstad og servicesenter.

Men tenestene har blitt færre. Banken, lensmannskontoret, tannlegekontoret og biblioteket er borte. Fysioterapisenteret forsvann. Ungdomsskulen òg. Nå står det siste offentlege servicetilbodet att – legekontoret – som og er truga av nedlegging.

Likevel har bygda halde motet oppe. Førde har ei sterk frivilligheit, aktive næringsdrivande og eldsjeler som har stått på i årevis. Parken ved fjorden, som private investorar har ein stor del av æra for, er blitt eit trekkplaster for både tilreisande og fastbuande.

Men kor mykje meir skal Førde tola? Færre tenester betyr færre besøk – og til slutt færre folk. Kva skjer med daglegvarebutikken, som er eit viktig knutepunkt, viss trafikken til bygda fell?

Førde har ressursar som Sveio kommune burde byggja vidare på: Nærleik til sjø og natur, historie, aktive lag og foreiningar – og ikkje minst ein identitet som tettstad.

Kommunen burde vurdera eit nytt helsehus i Førde, i samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Tenk om me kunne hatt fastlegar, rehabiliteringstilbod, treningsrom, spa og badstove – midt mellom fjord, park og turløyper?

Det kunne ha skapt ein ny vår for heile bygda.

Kommunestyret skal ta ei viktig avgjerd 16. juni. Kanskje burde møtet vore haldt på kaien i Førde? Der, med utsikt over alt bygda har å by på, kunne det vera lettare å sjå verdien i å satsa – ikkje leggja ned.

Thomas Førde

Powered by Labrador CMS