Valestrand bygdelag støttar fullt ut Førde bygdelag sin argumentasjon om å behalda Førde legekontor. Geografisk er Førde meir midt i leio enn Sveio sentrum. Dei eldste her nord har allereie lang nok veg til lege. Når det gjeld akuttberedskap har Førde lengst responstid ang ambulanse som kjem frå Haugesund. Brann og helse burde vore samlokalisert i ett bygg i Førde, ved alle hendelser er brann dei første på staden. Såleis kan dei ved alvorlege hendelsar ta med lege på utrykning. Me meiner at bygdene må styrkast, ikkje svekkast. Førde ligg og midt i aksen mot eventuell ny veg.
På vegner av Valestrand bygdelag
Harry Torolf Lie