meiningar
For stor skepsis til fylkesbyte?
Tida nærmar seg at Sveio sine innbyggjarar skal ta eit standpunkt til kva fylke vår kommune skal tilhøyra i framtida. Førehandrøystinga har starta og 10. januar 2022 har folket sagt kva dei vil.
Først vil eg seie at for dei fleste Sveio-borgarar spelar det lita rolle om Sveio tilhøyrer Vestland eller Rogaland. Det vil bli minimal skilnad. Det har vore hevda at tilskotsordningane til bøndene mogeleg er noko dårlegare i Rogaland enn i Vestland. Etter kvart har det kome fram at skilnaden er svært liten.
I Vestavind 02.12.21 flagga både ordførar og varaordførar sitt personlege standpunkt når det gjeld fylkestilhøyrsle, nemleg å vere der me er i dag. Sitat frå Vestavind: – Me går for Vestland. Usikkerheita med å byta fylke er framleis litt levande, – me veit kva me har, me veit ikkje kva me får, samstemmer dei to.
Eg har stor respekt for at kvar og ein har sine personlege standpunkt i denne saka. Men eg reagerer litt på at dei trekkjer fram at usikkerheita framleis er levande. I løpet av hausten har det vore arrangert fire folkemøte på kommunehuset der ymse tema har blitt tatt opp, og svar og oppklaring i mange spørsmål blei gitt. Etter å deltatt på nokre av møta føler eg meg noko «klokare» i denne sak og har fått svar på ein del viktige ting. Min konklusjon er difor at me ikkje har så mykje å frykta dersom Sveio sine innbyggjarar skulle velge Rogaland.
I eit av møta var Arne Bergsvåg invitert for å informera om erfaringar Ølen kommune hadde i prosessen med overflytting til Rogaland for ca 20 år sidan. I den kommunen var det eit svært knapt fleirtal for å tilhøyre Rogaland, og eg trur det vil bli ganske så jamnt også i vår kommune. Bergsvåg, som då var ordførar i Ølen kommune, gav ei grei og reflektert framstilling m.a. om å vera ein utkantkommune i Hordaland fylke. Han meinte det til tider kunne vera litt vanskeleg for Ølen å nå fram med sine saker i Bergen, samstundes var det etter fylkesskifte noko lettare å bli høyrt i Stavanger, var hans erfaring.
Hvis Ølen som utkantkommune hadde vanskar med å nå fram med saker i dåverande Hordaland fylke, vil det sannsynlegvis ikkje bli lettare for Sveio som utkantkommune å nå fram med sine saker i store Vestland fylke, det 3. største fylket i folketal og det 5. største i areal.
Som varaordførar og uttaler i Vestavind vil ikkje den jamne innbyggjar merke kva fylke me ligg i, men for Sveio kommune sin heilskap trur deg det vil vera visse fordelar å gå til Rogaland, m.a. grunna viktige saker som: Vidaregåande skular, fylkesvegar, bussruter, politiet m.m. Det breie og gode samarbeidet me har mot sør på mange felt vil ved eit fylkesbyte vera ein fordel. Viser elles til Asle Halleraker sitt gode og fyldige lesarinnlegg i Vestavind 09.12.21.
Vil til slutt ønske alle lukke til med valprosessen/valet og at alle vil respektere resultatet, same kva det nå blir. Uansett er det viktig at Sveio kommune opptrer samlande framover, me treng å utvikle heile kommunen vår vidare!
Godt val og god Jul!
Kjell Gunnar Nymark
ex folkevald!