meiningar

Særleg vi som er under 15 år fell utanfor. Det er få tilbod, og dei jobbane som finst går ofte til eldre ungdom, skriv Maria Selland. Her under fjorårets 17.maitale i Auklandshamn.

Fleire sommarjobbar for ungdom i Sveio

I Sveio er det altfor vanskeleg for ungdom å få sommarjobb. Mange av oss har lyst til å jobbe, tene eigne pengar og få erfaring, men får ikkje sjansen.

For mange er sommarjobben den første inngangen til arbeidslivet. Det er her vi lærer ansvar, samarbeid og kva det faktisk vil seie å stå i ein jobb. Når det ikkje finst nok jobbar, mistar vi den moglegheita.

Særleg vi som er under 15 år fell utanfor. Det er få tilbod, og dei jobbane som finst går ofte til eldre ungdom. Då sit mange igjen med motivasjon og vilje – men utan ein plass å bruke det.

Dette handlar ikkje berre om pengar. Det handlar om inkludering, meistring og å ha noko meiningsfullt å gjere i sommarferien. Når ungdom ikkje får slike moglegheiter, kan det også påverke trivsel og fellesskap i bygda.

Eg meiner Sveio kommune må ta større ansvar. Det bør opprettast fleire kommunale sommarjobbar, og ein bør samarbeide tettare med lokale bedrifter for å få fleire til å tilsetje ungdom. Ein kan også vurdere ordningar der ungdom kan få småjobbar gjennom kommunen, slik at fleire får sjansen.

Vi er mange ungdommar i Sveio som vil jobbe. No treng vi berre at nokon gir oss moglegheita.

Maria Selland, 13 år

Powered by Labrador CMS